Støtt Førde idrettslag
Sparebanken Vest
 

Førde 3 – TMFK 2 søndag kl. 16.00!

31. mai 2008 | 5. divisjon

Den utsette 5. divisjonskampen mellom Førde 3 og Tornado Måløy 2 blir altså spelt i morgon søndag 1. juni kl. 16.00!

Anders Norevik snudde kampen på Måløy stadion!

31. mai 2008 | A-lag herrer

Anders Norevik kom denne veka heim etter ein eksamen, og med sine skåringar i det 88. og 90. minutt snudde han 1-2 til 3-2 over Tornado Måløy! Her blir han gratulert med det første målet av bror Bernt . (Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no)

Damene er i siget, 3-2 mot Breimsbygda!

30. mai 2008 | A-lag damer

Jentene synte moral og vann sjølv om dei låg under 2 gonger.

Tøff kamp i vente mot TMFK

30. mai 2008 | A-lag herrer

Måløy stadion er arenaen når Førde jaktar nye poeng i Firdaligaen!

Damelaget heime mot Breimsbygda i kveld

30. mai 2008 | A-lag damer

Kampen er flytta fram frå søndag og har avspark kl. 19.00.

Årsverste av 2. laget!

28. mai 2008 | 4. divisjon

Trenar Arthur Norevik meinte då og at det ikkje var noko å seie på at Syril vann 2-1 etter at dei snudde kampen heilt på slutten. Her ser vi Eirik Fraas i tett duell med ein Syrilspelar.

3. laget med full kontroll på Vikane

28. mai 2008 | 5. divisjon

Vann 4-1 og har full pott på sine to første kampar i 5. divisjon. Her ser vi Eirik Skadal (nærast streken) sette inn 1-0.

Dobbeltkamp onsdag!

27. mai 2008 | 4. divisjon | 5. divisjon

Førde 3 – Vikane i 5. divisjon går på kunstgrasbana kl. 19.00., medan 4. divisjonsoppgjeret Førde 2 – Syril har avspark på grasbana kl. 19.30. Vikane aksepterte ikkje at kampen vart flytta til torsdag, noko som er i deira fulle rett, så difor blir det slik.

Florø har heng på Førde!

26. mai 2008 | A-lag herrer

Vann 3-2 borte mot Sogndal 2.

Kampar på stadion komande veke

25. mai 2008 | 4. divisjon | 5. divisjon | A-lag damer | A-lag herrer

Her er ei oversikt over dei seniorkampane som er planlagd komande veke på Førde stadion og kunstgrasbana.