Linda Saltskårs redusering til 2-4 ti minutt før slutt sendte Førde til finale mot Sogndal på bortemålsregelen!
Høyang – Førde 4-2 (4-1)
2. semifinale i KM-sluttspel 3. div. damer
Sletta
Samanlagt 4-4, Førde til finale på bortemålsregelen.
Mål:
1-0 (12): Stine Hovland
1-1 (17): Marianne Undertun med ein frisparkspesial!
2-1 (18): Stine Hovland
3-1 (23): Stine Hovland
4-1 (36): sjølvmål
4-2 (80): Linda Saltskår kom aleine med keeper og lobba over ho. Ballen hadde akkurat for stor fart til at ein Høyangforsvarar ikkje klarte å avklare!
Med unntak av Førde sine mål er kampfakta henta frå haugenfotball.no
Førde: Kristine Hofland; Maren Sunde, Anne Guro Horstad, Marianne Undertun, Marte Holsen Kyte, Karina Leirpoll, Eirin Hegrenes, Inga Haaland, Kathrine Sjøvold, Camilla Stenseth, Linda Saltskår (start 11ar), Maren Frøholm, Elisabeth Torvanger.
1. omgang vart ikkje noko god oppleving for Førde. Marianne utlikna rett nok til 1-1, men så skåra Høyang dei tre måla dei då trengte for å ta føringa samanlagt. Trenar Geir Hoff fortel at laget før pause presterte dårleg og at han måtte heve røysta litt i pausa.
I 2. omgang betra det seg. Høyang vart meir baktunge mens Førde prøvde å finne opningane som kunne gje skåring og avansement. Og då Linda fikk sjansen ti minutt før slutt og utnytta den var det stor jubel! Høyang klarte ikkje å skape så mykje dei siste minutta og dermed var saka klar: Det blir KM-finale!
Trenar Geir Hoff rosar jentene for måten dei heva seg på i 2. omgang, og han er stolt på lagets vegne over at dei klarte å spele seg til KM-finale i 3. divisjon. “Det bur mykje fotball i desse jentene, og det dei har prestert er særs bra!” seier Hoff, som no altså ser fram til to tette KM-finalar mot Sogndal.
Referatet frå Høyang si heimeside
Bremanger vann 2-1 i sin returkamp mot Sogndal, noko som ga Sogndal 4-2 samanlagt.
Første finale blir borte mot Sogndal no onsdag 15. oktober, medan returkampen er her i Førde neste søndag 19. oktober. Vi kjem attende med avsparktidspunktet!





















Legg inn kommentar