Støtt Førde idrettslag
Sparebanken Vest
 

På tokt til Stord!

30. april 2010 | A-lag herrer

Stord, med ex-Florøspelarane John-Felipe Holmgren og Sigurd Hjorthol i stallen er vertar, og avspark er kl. 15:00.

Gutt Elite klar for Adidas Cup

29. april 2010 | Nyhende | Ungdomsgruppa

Førde Gutt Elite deltek i Adidas Cup 2010, turneringa er rekna som uoffisiellt NM for aldersbestemte klassar, og Førde skal møte Flaktveit IK og Varegg/Nordnes frå Hordaland i det innleiande gruppespelet.

Ikkje 16. maikamp!

29. april 2010 | A-lag herrer

Heimekampen mot Åsane er flytta til til laurdag 15. mai kl. 16:00 fordi den skal brukast av Norsk Tipping. Det er og det som er grunnen til at vår cupkamp mot Fjøra er sett opp til onsdag 12. mai i motsetnad til dagen etter, Kristi Himmelfartsdag, då brorparten av 1. rundekampane går.

Fjøra i 1. runde i Cupen!

28. april 2010 | A-lag herrer

1. runde i NM, eller Cupen, er satt opp, og vi skal til Sogndal og spele mot Fjøra onsdag 12. mai.

Ny fin siger for SMG 1!!

28. april 2010 | Ungdomsgruppa

Denne gongen vart det 5-1 mot Høyang.

Takk til Tore!

28. april 2010 | A-lag herrer

Før kampen mot Notodden laurdag fikk Tore Evensen velfortente blomster frå leiar i fotballgruppa Rasmus Værn, som takk for 9 år med stor innsats og glød for den kvite og svarte drakta!

Tredjelaget tapte mot Tambar

27. april 2010 | 5. divisjon

Tysdag kveld gjennomførte Asgeir Furnes sitt Førde 3 siste treningskampen før seriestart søndag. Tambarskjelvar blei for sterke, og det enda med tap 1-5 etter 90 minutt på kunstgrasbana.

Perfekt Rogalandsraid!

25. april 2010 | A-lag damer

Damene vann og den andre kampen under helgas Rogalandstur, då Hinna vart slått 2-1 i Stavanger etter mål av Elise Vilnes Mjåseth og Linda Saltskår!

Damene vann og 2-0!

24. april 2010 | A-lag damer

Camilla Stenseth og Linda Saltskår sørga for 2-0 mot Klepp 2.

Kanonsterk 2-0 siger mot Notodden!

24. april 2010 | A-lag herrer

Utan Steinar Tenden Tenden og Thor Erik Nygård leverte karane ein kjempematch og slo fjorårets Adeccoligalag Notodden 2-0. Måla vart skåra av Ruben Holsæter og Kim Tangedal, og pr. no toppar vi tabellen!