Enivest
Sparebanken Vest
 

Damene på ranstokt!

Av Knut Olav Halseth | 26. juni 2010 | A-lag damer

Trenar Geir Hoff karakteriserar sesongens andre 3-1 siger mot Sandviken 2 som eit loddrett ran!

Anette Saltskår var ein matchvinnar av rang med fleire strålande redningar i dag!

Anette Saltskår var ein matchvinnar av rang med fleire strålande redningar i dag!

Sandviken 2 – Førde 1-3 (1-1)

2. divisjon avd. 4 damer, Stemmemyren kunstgress

Mål:

0-1 (12): Linda Saltskår kjem mot keeper, fintar ho og skyt i lengste hjørne på vår 1. sjanse i kampen.

1-1 (30):

1-2 (85): Camilla Stenseth blir spelt igjennom på ei kontring, rundar keeper og skårer sikkert.

1-3 (90): Linda kjem aleine med keeper eitt minutt på overtid og skårer igjen sikkert!

Førde: Anette Saltskår; Maria Bratseth, Kristine Hofland, Anne-Guro Horstad, Annie Bratseth, Inga Haaland, Kristin Æsøy, Anne Kårstad Skaar, Marte Holsen Kyte, Camilla Stenseth, Linda Saltskår (start 11ar), Elise Vilnes Mjåseth, Maren Sunde.

Elise spelte 40 minutt i sin siste kamp for Førde før retur til Kaupanger etter endt låneperiode.

Trenar Geir Hoff vedgår altså glatt at denne sigeren var eit loddrett ran. I store delar av kampen vart jentene våre spelt ball-i-hatt med, men eit ineffektivt heimelag, fleire “sinnsjuke” redningar av keeper Anette Saltskår og kanoneffektive spissar i Linda og Camilla gjorde at Førde kunne reise heime med tre poeng. “Vi kom ikkje med i spelet, men vi veit vi har ein kanonkeeper og effektive spissar og då blir det gjerne slik som i dag” konkluderte trenar Hoff.

Geir Hoff kan som leiar av ranslaget glise godt etter at ein flott vårsesong vart avslutta med 3-1 over Sandviken 2 i Bergen!.

Geir Hoff kan som leiar av ranslaget glise godt etter at ein flott vårsesong vart avslutta med 3-1 over Sandviken 2 i Bergen!.

Han la til at støtteapparatet til heimelaget nesten måtte smile av det heile etter kampen, so gale var det, og dei sa at dei og har hatt mykje utur dei siste kampane, kombinert med ineffektivitet framfor motstandaranes kasse.

Men sjølvsagt, vi takkar og bukkar og gratulerar jentene våre med ein strålande vårsesong!

1. kamp i haustsesongen er heime mot Hinna søndag 8. august kl. 14:00.

Resultat ellers i dag: Hordabø – Åsane 1-2, Hinna -Loddefjord 3-1. Klepp 2 – Stord/Solid/Trott 4-1 søndag. Dei to siste kampane spelast i løpet av haustsesongen.

Tabell, frå fotball.no:

1 Åsane 13 5 2 0 27 – 4 4 1 1 21 – 11 9 3 1 48 – 15 33 30
2 Avaldsnes 12 5 1 0 30 – 12 3 0 3 14 – 14 8 1 3 44 – 26 18 25
3 Kaupanger 11 5 0 0 26 – 9 3 1 2 16 – 23 8 1 2 42 – 32 10 25
4 Førde 12 3 1 1 9 – 6 4 1 2 13 – 12 7 2 3 22 – 18 4 23
5 Loddefjord 13 4 0 2 19 – 15 3 2 2 13 – 14 7 2 4 32 – 29 3 23
6 Fana 11 3 1 2 20 – 8 3 0 2 12 – 6 6 1 4 32 – 14 18 19
7 Sandviken 2 13 2 2 3 20 – 18 2 1 3 12 – 9 4 3 6 32 – 27 5 15
8 Hordabø 13 2 2 2 12 – 14 2 0 5 15 – 27 4 2 7 27 – 41 -14 14
9 Nymark 12 3 1 2 11 – 11 0 2 4 9 – 19 3 3 6 20 – 30 -10 12
10 Hinna 13 3 1 3 12 – 19 0 0 6 6 – 26 3 1 9 18 – 45 -27 10
11 Solid/Stord/Trott 13 2 0 4 12 – 12 0 3 4 10 – 20 2 3 8 22 – 32 -10 9
12 Klepp 2 12 2 0 5 8 – 18 0 0 5 5 – 25 2 0 10 13 – 43 -30 6
 

Kommentering er avslutta.

Kommentering av artikkelen er avslutta.