Tre minutt på overtid utlikna Os til 2-2, og vi vart sittande att med berre eitt poeng etter ein god 2. omgang!
Førde – Os 2-2 (0-1)
Fairplay-Ligaen avd. 1, 11. runde
Førde stadion, 325 tilskodarar
Dommar: Petter Kristiansen Toppe, Bergen Nord
Mål:
0-1 (5): Dani Bergstø får uforstyrra hedde inn ein kårner.
1-1 (53): Thor Erik Nygård går i duell med keeper og skårer etter innlegg frå Eirik Flatjord.
2-1 (78): sjølvmål av Anders Glesnes på eit skot frå Steinar Tenden etter innlegg.
2-2 (90): Tim Henrik Sperrevik får 3-4 minutt på overtid eit framsepl som går over heile Førtdeforsvaret og han set ballen enkelt til side for keeper frå fem meter.
Førde: Vegard Skjeldestad, KIm Tangedal, Elmar Dan Sigthorsson, Øystein Vetti, Eirik Flatjord (Gult kort 73), Thor-Jørgen Spurkeland, Gisle Isene, Ruben Holsæter (Bernt Norevik i 66. min), Sander Solvik, Eirik Fraas (Steinar Tenden i 46. min), Thor Erik Nygård.
Os: Hallvard Enes, Anders Glesnes, Dani Bergstø, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Vegard Leikvoll Moberg, Stian Lunde, Frode Buvik (Endre Brenne 79), Preben Borgen (Endre Kanestrøm 64), Tore Valvik (Ramo Racic i 76. min), Tim Henrik Sperrevik.
Vi mista altså sigeren 3-4 minutt på overtid, og det var sjølvsagt ei bitter pille å svelge, spesielt etter at karane våre leverte ein god 2. omgang. Før pause var det slapt, og vi kunne ha vore under med fleire mål enn det eine som Dani Bergstø sette inn etter fem minutt. Gjestane hadde nemleg eit tverrliggartreff og ei skåring annulert for offside. Det nærmaste vi kom var då Thor Erik sette ballen i nettveggen etter innlegg frå Eirik Fraas på venstrekanten.
Torbjørn Glomnes og Lars Ove Nistad gjorde grep i pausa og sette inn Steinar Tenden, noko som ga meir sting i det offensive spelet vårt. Og det tok ikkje meir enn åtte minutt før belønninga kom i form av skåring frå Thor Erik. Det er heilt anna Førdelag på bana og vi får til eit mykje betre trøkk mot Osmålet. Og tolv minutt før slutt kom den forløysande skåringa som vi alle trudde skulle gje oss tre poeng. Steinar skaut, ballen trefte backen Anders Glesnes, endra retning og fann vegen over mållina.
Vi såg ut til å klare å halde ut til ein ny heimesiger, men så glapp det altså godt på overtid og Os kunne juble for eit kjærkome poeng mens våre spelarar deppa.
Trenar for dagen, Torbjørn Glomnes syntes synd på spelarane då han meinte at dei fortente sigeren utifra snuoperasjonen og innsatsen etter pause. “Vi var heldige som ikkje låg meir under til pause, men vi var mykje betre i 2. omgang. Spelarane heva seg og vann 1. og 2. ballane og jobba knallhardt. Difor var det surt at sigeren rauk så seint på overtid. Men vi tar sjølvsagt med oss dette poenget” kommenterte Glomnes.
Han la til at spelarane no har ti dager fri med eigentreningsopplegg, før troppa møtast att torsdag 8. juli for å førebu seg på den 15 kampar lange haustsesongen. Den startar med ei vaksen oppgåve mot opprykksjagande Manglerud Star i Oslo laurdag 17. juli, eit lag som i dag formeleg vanlegves heimesterke Stord med heile 9-2!






















Kommentering av artikkelen er avslutta.