Vi er no halvvegs i sesongen, og Førde tek i mot serieleiaren Asker Fotball til 14. serierunde på Førde stadion, søndag klokka 17.00. Sist laga møtte kvarandre, i serieåpninga i april, enda det 2-2 på Føyka i Asker.
Før kampen: Førde – Asker
31. juli 2010 | A-lag herrerJentene klare for verdas største!
29. juli 2010 | UngdomsgruppaFørde sitt J 15/16 lag deltek i Norway Cup 2010. Verdas største fotballturnering går av stabelen i Oslo frå 1. – 7. august. Sjå førdejentene sitt kampoppsett her.
Surt tap!
26. juli 2010 | A-lag herrer1-0 leiing til pause vart snudd til eit surt 1-2 tap mot Stabæk 2 i kveld.
Tek i mot tippeligaspelarar på stadion!
25. juli 2010 | A-lag herrerFørde møter eliteserieklubben Stabæk sitt andrelag i haustens første heimekamp, MÅNDAG kl. 16.45. Då dukkar venteleg spelarar med tippeligaerfaring opp i mørkeblått på Førde stadion.
Småjentene til semifinale i Danmark!
19. juli 2010 | UngdomsgruppaFørde sitt J 14 lag kom seg heilt til semifinalen på Dana Cup! Klubben sitt smågutelag spelte også mange gode kampar, og nådde åttandedelsfinalen i den tøffe G 14- klassen. Sjå resultat og bilder av begge lag her.
G 15/16: Gode resultat på Dana Cup!
19. juli 2010 | UngdomsgruppaFørde stilte med eit lag i G-15 klassen under årets Dana Cup, og eit i G16-klassen. Begge imponerte i det innleiande spelet og kom seg vidare til A-sluttspelet. Der sa det stopp i høvevis kvart- og åttandedelsfinalen.
Gull-laget!
18. juli 2010 | 4. divisjonHer ein oversikt over kva spelarar trenar Kenny Hoti benytta seg av under Dana Cup 2010, kor Førde G18 gjekk heilt til topps. Vi bør vel også sende ein stor takk til Tambarskjelvar IL og Jølster Fotball!
Tapte mot eit betre lag
17. juli 2010 | A-lag herrerDet vart 0-4 mot sterke Manglerud Star, men trenar Knut Erik Folland trekk fram ein god 2. omgang som noko å bygge vidare på.
GULLET KJEM HEIM!
17. juli 2010 | 4. divisjonFørde sine juniorherrer gjorde reint bord i Dana Cup no. 1. Karanba (BRA) blei slege 4-2 på straffer i finalen. Keeper Fredrik Hanssen blei dagens helt då han både redda straffespark, og sette inn det avgjerande målet sjølv!
Spennande haustsesong startar i dag!
17. juli 2010 | A-lag herrerA-laget reiser i dag til Oslo for å spele mot hardtsatsande Manglerud Star.




















