Støtt Førde idrettslag
Sparebanken Vest
 

Berre bortekampar på seniorlaga denne veka!

7. september 2010 | 4. divisjon | 5. divisjon | A-lag damer | A-lag herrer | Ungdomsgruppa

Alle våre fire seniorlag skal på reisefot til helga.

Fotballkrinsen med glattkøyringskurs!

7. september 2010 | Nyhende | Ungdomsgruppa

Som ein del av sitt trafikksikkerheitsarbeid held Fotballkrinsen glattkøyringskurs på NAF sin øvingsbane i Stardalen onsdag 13. oktober kl. 16:30-21:00. Kurset er i samarbeid med FTU, Statens Vegvesen og Trygg Trafikk. Info om kurset og om påmelding i lenka under.
 Invitasjo..

Savland x 5!

5. september 2010 | 4. divisjon

I går var det Ruben-show på stadion, i dag var det Vegard-show! Vegard Savland heimedebuterte med heile fem nettkjenningar i 2. lagets 8-0 siger mot Skavøypoll, noko som gjer at han har skåra åtte mål på sine tre kampar for Førde 2 etter overgangen frå Tambar!

Før kampen: Førde 2 – Skavøypoll

4. september 2010 | 4. divisjon

Søndag ettermiddag, klokka 15 tek Førde 2 i mot det tidlegare Firdaliga-laget Skavøypoll til duell på Førde stadion. Siger og tre poeng kan bringe Førde sitt andrelag opp på ein imponerande 4. plass i 4. divisjon. 

Ruben lot føtene snakke!

4. september 2010 | A-lag herrer

Det har vore mykje styr rundt Ruben Holsæter den siste veka, med avslått bod frå Sogndal. I dag lot han føtene ta seg av snakkinga med tre herlege skåringar då opprykksjagande Nest-Sotra vart slått 4-1!

Ruben takkar publikum saman med Terje Sørbø. Foto: Stig Roger Eide, Firda.

Søstrene Saltskår sikra tre nye poeng!

4. september 2010 | A-lag damer

Linda og Anette skåra kvart sitt mål da Nymark vart slått 2-0!

2 interessante kampar laurdag!

3. september 2010 | A-lag damer | A-lag herrer

Damenes kamp mot Nymark har avspark kl. 13:00, medan det kl. 16:00 er klart for eit nytt vestlandsoppgjer når A-laget tek imot Nest-Sotra til kamp i Fair-Playligaen avd. 1.

Uttak toppgruppe

3. september 2010 | Ungdomsgruppa

Fotballkrinsen har gjort sitt uttak til toppgrupper i perioden 01.09. – 31.12. for årgangane 95-96 (gutar) og 94-97 (jenter). Frå Førde er Erlend Moen Taule, Andrine Njøsen Helgås og Sara Eriksen tekne ut, samt at vi har med ein del i utfordrargruppa for gutar. Alt om uttak og opplegg i lenka nedanfor.

2010-toppgruppe-sep-des-2010

Velkomen til 2 nye spelarar!

2. september 2010 | A-lag herrer

Marius Solberg frå Løv-Ham og Tobias Evebø frå Volda signerte før overgangsvinduet stengde!

G 14: Ny storsiger til førstelaget!

31. august 2010 | Ungdomsgruppa

Førde 1 har fått ein svært sterk opning på haustsesongen, og valsa over Sogndal heime på kunstgrasbana måndag kveld. Laget ligg som delt nummer 1 på tabellen, og har ein svært spennande haust foran seg!

Lagbilde av G14 frå Dana Cup i sommar. Flesteparten av desse spelar på Førde 1 i serien.