Enivest
Sparebanken Vest
 

Berre bortekampar på seniorlaga denne veka!

7. september 2010 | 4. divisjon | 5. divisjon | A-lag damer | A-lag herrer | Ungdomsgruppa

Alle våre fire seniorlag skal på reisefot til helga.

Fotballkrinsen med glattkøyringskurs!

7. september 2010 | Nyhende | Ungdomsgruppa

Som ein del av sitt trafikksikkerheitsarbeid held Fotballkrinsen glattkøyringskurs på NAF sin øvingsbane i Stardalen onsdag 13. oktober kl. 16:30-21:00. Kurset er i samarbeid med FTU, Statens Vegvesen og Trygg Trafikk. Info om kurset og om påmelding i lenka under.
 Invitasjo..

Uttak toppgruppe

3. september 2010 | Ungdomsgruppa

Fotballkrinsen har gjort sitt uttak til toppgrupper i perioden 01.09. – 31.12. for årgangane 95-96 (gutar) og 94-97 (jenter). Frå Førde er Erlend Moen Taule, Andrine Njøsen Helgås og Sara Eriksen tekne ut, samt at vi har med ein del i utfordrargruppa for gutar. Alt om uttak og opplegg i lenka nedanfor.

2010-toppgruppe-sep-des-2010

G 14: Ny storsiger til førstelaget!

31. august 2010 | Ungdomsgruppa

Førde 1 har fått ein svært sterk opning på haustsesongen, og valsa over Sogndal heime på kunstgrasbana måndag kveld. Laget ligg som delt nummer 1 på tabellen, og har ein svært spennande haust foran seg!

Lagbilde av G14 frå Dana Cup i sommar. Flesteparten av desse spelar på Førde 1 i serien.

Øyrane stengt i dag!

31. august 2010 | Ungdomsgruppa

Bana på Øyrane er stengt i dag grunna mykje regn. Men godt vervarsel dei nærmaste dagane gjer von om opning att i morgon onsdag!

Kamptider på stadionanlegget!

29. august 2010 | 4. divisjon | 5. divisjon | Nyhende | Ungdomsgruppa

Lurer du på når neste heimekamp er? Eller har du gløymt om laget til sonen/dattera di skulle spele klokka 5 eller 7? Hald musa over “Terminlister” i hovudmenyen ovanfor, og vel “Kampoversikt stadion”, så finn du ut av det!

Team Sunnfjord vann! Og tapte…

29. august 2010 | Ungdomsgruppa

Laurdag var det sonesamling i Førde, og Team Sunnfjord sine lag vann to kampar, og tapte like mange, i ei turnering kor Team Sogn var best, både på gute- og jentesida.
 
 
 
 
 
 
 
 

Klart for soneturnering lørdag!

27. august 2010 | Ungdomsgruppa

Førstkomande laurdag vert det soneturnering på kunstgraset ved stadion, heile 11 Førde-spelarar er tekne ut, og skal spele for Team Sunnfjord Jenter og Team Sunnfjord Gutar.

Førde 1 SMG med storsiger mot TMFK!

24. august 2010 | Ungdomsgruppa

9-1 vart det til slutt og her er det Erlend Moen Taule som leier an i sigersropet.

Seniorkampar denne veka

23. august 2010 | 4. divisjon | 5. divisjon | A-lag damer | A-lag herrer | Ungdomsgruppa

Denne veka er det berre Førde 3 i 5. divisjon som har heimekamp. 2. laget skal i aksjon to gonger, i begge høve borte.