Førde IL Fotball
Er i dag den desidert største klubben innan Sogn og Fjordane Fotbalkrets, og ein av dei større breiddeklubbane i Norge med sine 86 lag og kring tusen aktive spelarar. Omkring 10 % av innbyggjarane i kommunen er på ein eller annan måte aktive innan fotballklubben.
Førde Idrettslag vart skipa i 1920 med friidrett som hovudaktivitet, og fotballen vart pumpa opp og rulla igang kort tid etter. Offisielt vart Førde IL si fotballgruppe registrert i NFF 17. november 1945.
I sesongen 2010 spelar klubben sine A-lag for både herre- og damefotball, på nivå tre i norsk fotball. Herrelaget i FairPlay-Ligaen avd. 1 og damelaget i 2. divisjon avd. 4.
Den største profilen fotballklubben har fostra opp gjennom tidene, er tidlegare toppscorar i Tippeligaen, Alexander Ødegaard. Han spelar i dag for Viking.
Der er ein eigen artikkel om Førde Fotball på nettleksikonet Wikipedia; http://nn.wikipedia.org/wiki/F%C3%B8rde_Fotball




















