Les reisebrevet frå A-laget: Avreise Kypros – kom dei seg i veg?

Dagen er komen. Dagen då heimlengsel, flyskrekk, bilsjuke, og andre eventuelle fobiar skal leggast til side. Dagen då A-laget til Førde Fotball reiser på treningsleir til Kypros. Klokka 23.00 natt til fredag sette 27 mann seg på bussen i Hafstadparken. Framfor dei låg endelause timar på reise – over fjordar, gjennom tunnellar og over skyer. Nesten 12 timar reise. Men det som er i vente er verdt det – grøne grasbaner og sol.

Ung versus gammal

Det var knytt stor spenning til om alle spelarane ville klare å innfinne seg, ettersom tidspunktet for avreise var så seint på kvelden. Særskilt var spenninga knytt til om dei yngste i troppen – som ein rekna med går til sengs etter tv2sporten kl 21.30 – hadde klart å halde seg våkne. Dette blir like fullt gjort til skamme då den eine etter den andre møtte opp med PC og IPad, klare til å følgje dagens episode av Paradise Hotel frå bussen. Då var det berre for enkelte andre å sette seg fremst i bussen medan ein følte seg gamal og grå.

I det bussen skulle til å ta ut frå Hafstadparken kom plutseleg ein gamal kjenning inn. Ole Henrik Gulliksen meldte sin ankomst. Ettersom Gisle Isene har takka av som assistenttrener har ein vore på leit etter nokon som kan fylle rollen hans. Den rolla er Gulliksen klar for!

Pakka og klare

Enkelte i klubben fortener meir skryt enn andre. I ei hektisk tid er organisering av ballar, drakter, ny-trykk har Olav Flatjord klart å presse inn eit ekstra gjeremål. Dermed kunne samtlege spelarar kle seg i den heilt nye reiseskjorta til Førde Fotball.

Eller… nå laug eg litt. Knut Dvergsdal kunne stolt vise fram endå eit reiseplagg. Ei flott svart vindjakke som skal brukast på turar der Vestlandet viser seg slik det av og til kan på høgste sommar. 5 pluss, stiv kuling og sludd. Diverre var ikkje denne jakka finansiert endå, så det var berre ein mann som fekk pryde seg med denne…

Om Knut Dvergsdal var svært nøgd med dei nye plagga var det verre for keepertrener Stig som ikkje hadde fått stort nok reiseantrekk. Dermed måtte han improvisere, men bot-sjefen har nok notert ned ein femtilapp for ikkje å stille i rett sponsortøy.

Kampen mot vekta

Det er seigt å byrje ein lang busstur klokka 23 om kvelden. Verre blir det ikkje av at ein måtte gjennom tre soner med vegarbeid før ein nådde Flesland 03.30. Ein tenkjer gjerne at energilagra då er tomme, men på treningsleir kjem smådjevelen fram i mange uansett.

Fleire av fyrstereisgutane – men med Vegard Eikeland i spissen – byrja febrilsk å pakke om i baggane sine då dei fekk høyre at kvar mann berre kunne ha med 18kg bagasje. Enkelte vurderte til og med å la skulebøkene ligge attende på flyplassen for å klare denne spesielt låge vekta. Latteren runga høgt når vertinna i skranken – som ikkje var med på spøken – fortalte at dei nok måtte ha høyrt feil. 20 kg gjekk heilt fint. Vi ventar spent på korleis denne spøken skal attgjeldast.

Etter ein liten halvtime der gutane skreiv handleliste på tax-freebutikken til heimturen, fekk trenar Bjørn brått ei kjempeutfordring.

Svolten som ein Bjørn

Då klokka så vidt var passert 04.00 var det endå ein time til det var mat å få kjøpt på flyplassen, og Bjørnen var svolten. For å gjere vondt verre var restaurantane byrja å lage maten, og lukta av baconpølser, baguettar og nytrekt kaffi må ha vore tortur for stakkaren. Sjeldan har junk-food blitt skrytt så opp i eit idrettsmiljø, og sjeldan har ein sett ein mann flytte seg raskare inn i ei matkø enn det ein observerte kl 04.51. I så måte får vi kanskje håpe at mat-rykket til Bjørn kan observeres fleire gonger i løpet av leiren, men det går rykter om at kraftanstrengelsen gav ein kraftig strekk.

Med vegarbeid og venting over ein låg sko var det fleire som frykta at også flyet skulle bli utsett. SAS rute Sk 7501 til Larnaca tok der i mot av 5 minutt før tida, og endeleg byrjar Førdegutane å kjenne grønt naturgras og sol! I skrivande stund er flyet over det sørlege Tyskland. Mindre enn to timar att til landing.

A-laget kjem til å oppdatere dagleg frå leiren. Både på heimeside og Facebook, gjennom tekst, bilete og lyd. Trenarar har planlagt sitt, sosialkomiteen sitt, og dei ansvarlege for sosiale medier sitt. Samstundes skal ein være tett på alt det som hender på ein leir, men som ein ikkje skal planlegge. Vi vonar å formidle alt som går gjennom sensuren.

Vi vonar mange ynskjer fylgjer med på dei siste førebuingane A-laget gjer inn mot seriestart og minner om at fyrste seriekamp for herrane heime er 22.april mot Brann 2.

 

Med venleg helsing

Onkel reisande Mac alias Knut Løseth