Reisebrev dag 1: Antiklimaks

Reisebrevet frå fyrste dag på Kypros må starte med eit alvorsord til ungdomsgenerasjonen. Den fyrste reiseskildringa blei signert med «Onkel reisande Mac». Dette har tydelegvis ført til stor undring hjå enkelte, for referenten nyttar ikkje Mac i arbeidet sitt. Eg sit attende med ei kjensle av vantru over at dagens ungdom ikkje tar referansen til «Fragglene».  Noko har svikta, og kjenningsmelodien til tv- serien – Fraggle Rock – er allereie på spelelista i garderoben.



Heilt sidan vi starta opp att treningane 2. januar har treningsleiren på Kypros vore det store målet. Varmt vær, lite vind, gode grasbaner, og ikkje minst… null regn. Då ytterdørene på flyplassen opna seg for Førde Fotball satt galgenhumoren laust. 10 plussgrader, stiv kuling inn døra, og sidevegsregn. Dei nye reiseskjortene Olaven hadde slitt med å få ferdige var dyvåte i løpet av sekund.

Regn, regn, regn…

Gjennom hardt regn køyrde bussen den vesle halvtimen til hotellet. I det fjerne kunne vi skimte blå himmel, men det var lite som tydde på at denne skulle slå i gjennom med det fyrste. Hotellet – Aktea Hotel – tok godt i mot oss, og medan vi sjekka inn på hotellet kunne vi kjenne lukta av mat frå matsalen. Etter 12 timar på reis var det endeleg klart for eit skikkeleg måltid. Glupske ulvar slukte maten, og vi må vedgå at om Førde fotball er like svoltne på poeng, blir dette ein god sesong reint sportsleg. Det var like fullt ei kjensle av at spelarar og trenarar ynskte å nyte det som skulle være eit varmt og godt klima. Då vi kom ut frå matsalen blei vi derimot møtt av fleire toreskall, og styrtregn. Det var difor lite anna å gjere enn å gå på romma, og få seg ein kjærkommen blund på auga. Treningsleiren hadde ikkje starta heilt slik den skulle.

Kasta kleda

Då det nokre timar seinare nærma seg den fyrste treninga i årets treningsleir, vakna dei fleste spelarane opp til strålande solskin. Då vi rundt klokka 16.30 kom oss i bussen var det gode 20 plussgrader og ikkje eit vindpust. Følgjeleg tok det ikkje lang tid før både matriellforvaltar og oppmann vrengte av seg overtrekken. Det tok ikkje lang tid før spelarane følgde deira eksempel, og ein etter ein blei shortsane heisa høgare og høgare opp, medan t-skjortene blei forvandla til singlettar. Vegard Savland stilte kroppen inn på «Solcellepanel» og det var ikkje ein gong i løpet av den neste halvtimen fronten hans ikkje var solvendt. Vi kan konkludere med at vinteren i Noreg, og på Vestlandet, som vanleg har vore prega av lite D-vitamin. 

Årets først gras-økt

Det blei gjennomført ei roleg økt for å få skrottane i gang. Du kan gjerne sjå føre deg korleis det er å sjå ung-beist sleppe laus på beitet. Fyrste grasøkt for f… Kom igjen! Som om ikkje det var nok fekk vi også lov til å spele firkant. Fire rundt og to i midten. Ein teknisk leik som alle elskar. I alle fall alle utanom Martin Dvergsdal. Tre tunellar i løpet av dei fyrste fem minuttane på trening vart han 60 kroner fattigare, og botekassen tilsvarande rikare.

Elles kunne vi også konstatere at strekken Bjørnen hadde fått i pølsekø ikkje var så alvorleg. Den universelle kuren for alle fotballspelarar – grøne grasmatter – virka også her. Også gamlekeeper Gulliksen viste glimt av gamal storheit, sjølv om han ikkje har spelt fotball på godt 6 år.

Ikkje akkurat handballspelarar…

Mot slutten av økta var det tid for konkurranse i regi av sosialgruppa. Dette er noko vi kjem til å ha nær kvar dag, og til slutt skal det kårast ein vinnar av leiren. I dag var konkurransen å kaste lengst. I eit pedagogisk perspektiv skal det positive framhevast, men gud hjelpe meg… det er godt Førdespelarane ikkje driv med handball! Til slutt fekk vi fram eit par gode resultat og Øystein Myrkaskog blei dagens vinnar, framfor Marius Storevik og Vegard Eikeland. Vi gratulerer!

Ein treningsleir er full av høgdepunkt, og det tok ikkje lange tida før vi blei vitne til eit av årets største. Då vi kom attende til hotellet ville dei fleste bruke bassenget til restitusjon av lår og leggar. Greitt nok, så musikken vart sett på bassengkanten og alle traska uti. Eller… Mathias Sagevik kasta skjorta, hoppa i bassenget, byrja å fryse, og gjekk for å dusje.

Synkron-symjing?

Medan alle stod der med låra i vatn kom det ei jente bort og bad laget om å skru ned musikken. Ingen skjønte heilt kvifor, men høflege som vi er på tur gjorde vi som ho bad oss om. Eg trur ikkje nokon angra. Det viste seg nemleg at lagleiarane til eit svensk damelag som er her samstundes hadde førebudd ein time i synkronsymjing! Om det vi var vitne til kan kallast «synkron»-symjing er eit høveleg spørsmål, men innsatsen stod til 20 i stil, og blei møtt me både latter og applaus frå alle kring bassenget.

Etter dusj og mat blei det gjennomført eit lagmøte, der planane for dei neste dagane blei offentleggjort. To kampar, søndag og onsdag, samt treningar og sosiale aktivitetar står på programmet. I tillegg skulle vi ha analysert ein del av bortekampenkampen mot Hødd, men då HDMI er eit framandord på Kypros utgjekk dette.

Tvilsam kåring

Då stod det berre att å sette i gang med ein ny tradisjon for Førde Fotball. Dagens «Jeggo»! Jeggoen går kvar dag til den som dei siste 24 timane har trakka mest i salaten, og det blir avgjort ved nominasjon og avstemming. Jeggoen er eit heller flaut klesplagg som ein må bære gjennom alle måltider den neste dagen. Allereie fyrste timane hadde ein fått inn tre nominasjonar.

  • Vegard Eikeland: For gå på spøken om at ein berre kunne ha 18 kilo med seg på tur, og med det starta ei storstilt ompakking midt i avgangshallen på Flesland.
  • Elias Rognebakke: For å forsøke å ta med seg ei heilflaske (saft) gjennom tryggingskontrollen på Flesland.
  • Vebjørn Løkkebø: For å ha forlagt både pengar og pass, og nesten blei papirlaus asylsøkjar.

Med 11 mot 8 mot 1 fekk Vegard Eikeland den tvilsame æra av å være den fyste hjå Førde A-lag til å skulle ikle seg Jeggoen. Kven det blir i morgon veit ingen, men Jeggoen skal delast ut kvar dag. I morgon gjennomfører vi to treningsøkter. To treningsøkter med moglegheit for sigrar, tap, og nominasjonar til Jeggo. Vi gler oss.

Over og ut.
Med venleg helsing
Onkel reisande Mac