Reisebrev dag 3: Kampdag og ny keeper i troppen

Dag tre på turen, og endeleg skein sola frå morgonen av. Folk var tidleg oppe og søkte å få ein tredjegradsforbrenning før frukost. For å gjere ting endå betre er hotellet over gata under oppussing, så vi kunne nyte livet medan vi såg folket jobbe.

Arbeidarar på nabotaket, medan Åsen&Øvrelid kan kvile på rekkverket i dag….

Nervane her på hotellet er derimot ikkje mykje å skryte av. At ingen har tatt patent på konseptet dyne er nær utruleg, og at ingen av Førdegutane har fått lungebetennelse kan berre vere takka høgare makter.

Kven skal vakte mål?

Etter at Brage hadde slete seg gjennom frukosten i Jeggoen var det trening. Dødballar og kampførebuingar. For dei som ikkje skulle starte kampen var det i tillegg ei lita boksøkt. Dette førte med seg eit problem; kven skulle stå i mål? Hanssen skulle spele kamp seinare på dagen, og Løseth er framleis eit stykke unna å spele ball etter den ufrivillige spagaten på Høddvoll. Resultatet var at alle som deltok på økta måtte ha 2 minutt som keeper. Som venta var prestasjonane varierte, men fleire briljerte! Fredrik Rørstadboten var høgt og lågt, og redda til og med straffe! Dermed enda han opp som reservekeeper på dommarkortet seinare på kvelden.

Konkurransen denne økta var tverrliggaren. Minstemann, Mathias Sagevik, vann overraskande framfor Johan Skorge og Brage Sandvoll.

Får så hatten passar

Med sol frå lettskya himmel var det ikkje tvil om korleis tida etter lunsj skulle brukast. Dermed skjedde det lite i siestaen. Einaste var Eikeland som fekk huden full av ei dryg dame, som ikkje likte musikken han spelte – og heller ikkje volumet han nytta…

Så var det kamp. Mot Linkjöping City. Det kjem eigen sak om dette frå trenar Bjørn i morgon. Så utanom å nemne resultatet – 4-4 – skal ein ikkje ta føre seg kampen i det heile. Benken derimot… Vebjørn Løkkebø mista både fotballsko, pengebok og telefon. Han var sikker på at dei var stolne, for han hadde leita over alt. Vi sette i gang ein storstilt aksjon, og skulda alt og alle for å ha tatt dei. Like før vi ringte politiet fann Vebjørn att tinga sine – i sin eigen sekk! Jeggoen blei delt ut på staden, og guten skal vere glad om han får kveldsmat.

Gulliksen gir tommel opp for sol….

Kvelden i kveld blir brukt til rehabilitering. Fysioterapeut Geir er kommen og han blir nok overarbeidd. Mange her som tykkjer litt synd i seg sjølv. Og i morgon vaknar nok Gulliksen – etter skillet i nakken å dømme – til lukta av nystekt bacon. Rapportar kjem! Ha ei riktig god natt.

Mvh

Onkel reisande Mac