Reisebrev: Love is in the air…

Førde fotball reiste til Kypros for å sleppe unna vestlandsvêret. Men det viser seg dessverre at både Førde Fotball og vestlandsvêret har valt å feriere på same plass. Då er det godt det finst fleire måtar å varme frosne sjeler.

Nok ein gang vakna Førde fotball opp til noko som diverre er så alt for kjent. Rett nok hadde gradestokken passert tosiffra – med minst mogleg margin, men elles var alt likt det vêret vi forlét då flyet tok av frå Bergen. Lovnaden om sol og bading må snart bli advokatmat. Like fullt kunne vi ikkje bli i senga, frukosten venta!

«Jeggoen» kjem i bruk

I dag var det  merkbart kor mange som hadde møtt ekstra tidleg til mat. Alle venta på å sjå «Jeggoen» i bruk for fyrste gang. Vegard Eikeland var også tidleg ute – utan tvil for å bli ferdig med den tvilsame æra å gå rundt i det særprega plagget. Han dansa over golvet i matsalen med ein eleganse og ein sjølvtillit som kan vere til etterfølging for alle. Eit syn for gudar!

Allereie ved frukosten var det klart at det ikkje alle som hadde gått tidleg til sengs. Kvisting, peiling og latter var stikkord. Det tok ikkje lang tid før vi fann ut at enkelte hadde fått eit godt auge til damespelarane frå Sverige (synkronsymjarane frå gårsdagens innlegg – red.anm), og Fredrik Rørstadbotn hadde i dei små timane hamna på date i hotellbaren. Vi lover å følgje godt med og rapportere heim om utviklinga, og eventuelle nye generasjonar ned førdespelarar 😉

Å vente på vêret…

Vi venta i det lengste med å reise til treningsfeltet, fordi vi håpte på ei betring i vêret. Det ville seg ikkje og til slutt kommanderte Bjørnen oss ut i bussen, og til eit gjørmebad av ei trening. Det hølja ned, og då passa det fint at Bjørnen hadde planlagt ei taktisk økt med mykje taktikk og prat. Hårvoksen – hjå dei som nyttar slikt – rann tjukk ned i auga og gjorde det vanskeleg å følgje med.

Nytt av dagen var eit videokamera på treninga. I eit forsøk på å dokumentere at vi faktisk er produktive her nede må vi til med videobevis for å vere på den sikre sida. Konsekvensen av dette var tydeleg. Heile A-laget må på medietrening! Kameranervane låg tjukke utpå gutane, og det var nesten ikkje ein pasning kom fram. Verst var nok nervane hjå Joakim Kvist. Ikkje før videoopptaket sett på før på, gjekk han på ein enorm tunell frå Vegard Savland. At Savland skulle vere så frisk må skuldast at han fekk fylt opp sollagra den føregåande dagen, for han var ikkje særskilt nøgd med regnet.

Sjokkerande vinnarar

Då treninga nærma seg slutten var det på tide med ny konkurranse. I dag var det rom mot rom, ei koordinasjonsøving med ball; Med fotballen – fyrst mellom ryggane , så mellom pannene – skulle ein frakte ballen til 16-meterstreken og tilbake. Leiar for sosialkomiteen, Fredrik Hansen, tok sigeren i lag med makker Savland. Andreplassen var tidenes bombenedslag verda ikkje har sett sidan Hiroshima og Nagasaki. Keepertrener Stig og assistent Gulliksen!… Herre… vi skal få høyre det!

Mercyside-oppgjeret mellom Liverpool og Everton freista mange etter lunsj. Andre tok seg ein strekk på rommet. Det var då det utrulege skjedde det utruleg andre dag på rad: Sola dukka fram på nytt! Fram med shorts, musikk, kort og ut til bassenget. Av og til får TV-kamp vere TV-kamp.

Solfaktor, sang og keepertrening

Stemninga var høg, og solfaktoren like så. Sola steikte, og det blei nok ikkje betre av at ho blei reflektert frå eit titals kritkvite mannekroppar. Allsong til Vinskvetten, Springsteen, og Beranek var berre nokon av dei musikalske høgdepunkta, og vi rekte ut ei internasjonal hand med «Blue Hawaii».

Tida flyr i godt lag, og snart skulle griseraude skuldrar i gang med økt to. Offensiv samhandling og avslutningar var på programmet, og til keepertrenaren sin store frustrasjon tydde dette at han også måtte i aksjon mellom stengene. Fredrik Hansen på si side blei i løpet av 40 min skoten i senk, men han stod løpet ut. No var finvêret verkeleg komme, og i sjukestova på sidelinja byrja det å krible i dei mest øydelagde beina.

Tid for konkurranse igjen, og i tråd med økta var det avsluttingar som var fokuset. Innlegg og volley i mål, rom mot rom. Denne gongen var det Martin Dvergsdal og Ruben Holseter som drog i land sigeren, medan det må ha vore kameranervar som melde seg hos dei fleste. Særskilt , igjen , hjå Jokke «Zlatan» Kvist som enda opp – i forsøket på å hamre ein volley gjennom målnettet – enda opp med å redde ballen heilt utpå tåa og tok teljing. Ballen blei liggande attende akkurat der han hadde truffe den. Ei demping i verdsklasse!

Nominasjon til «Jeggoen»

Bjørnen har endå ikkje skaffa til vegs ein HDMI-kabel og etter middag var det difor berre ein ting på programmet. Overlevering av «Jeggoen». Eikeland hadde gjort sitt i denne omgang, så spørsmålet var difor kven som skulle få den tvilsame æra. Det er tydeleg at dette plagget er frykta, for i løpet av dagen har nominasjonane strøymd på, nokon betre enn andre. Til slutt var det att tre nominerte.

Brage Sandvoll: Trøtt etter ei lang natt mista han ein full kaffikopp i bakken på frukosten. Ikkje ein gong febrilske forsøk på å redde situasjonen, med hender og bein, kunne redde han. Koppen small i bakken, og medan Brage stod der lamslått, blei koppen rydda opp av ei servitrise.

Fredrik Rørstadbotn: Ein date gir som regel respekt og applaus, men her kom det ein nominasjon. Dei fleste klarer – uansett kor nervøse dei er – å gå med seg namnet på daten. Fredrik Fekk ikkje dette med seg. Heldigvis hadde han ei unnskyldning. Ho hadde presentert seg på svensk…

Mathias Sagevik: Fyrste gong på treningsleir klarte han å gå på butikken og kjøpe inn 10 boksar brus, 3 pakkar chips og meir til. Han klarte også å publisere dette på sosiale medier.

I dag blei det eit tett løp, og det måtte omstemming til. Med 11 mot 10 i andre omgang fann ein at det blir …Brage Sandvoll som må ikle seg Jeggoen i mot. Vi gler oss.

I det klokka bikkar seint her på Kypros, finn dei eldste møta, medan dei yngre framleis flyr etter svenskane. Ny oppdatering i morgon. Mellombels kan dei som ynskjer legge til FordeAlag på snapchat. Her kjem detliveoppdateringar frå leiren!

Mvh

Onkel reisande Mac!