Reisebrev dag 4: Testosteron og brakkesjuke

No er Førde fotball åleine på hotellet. Tøttene frå Asarum i Sverige har reist heim, og det har vist seg å gje enorme utfordringar. No er nemmeleg Bjørnen den på hotellet med lengst hår, og det har endra terrorbalansen kring bassenget.

Kvelden i går var av det slakke slaget. Frihet under ansvar etter middag. Spelarane fekk moglegheit til å reise å sjå fotball, ta ein ekstra matbit på ein annan plass enn hotellet, eller andre aktivitetar som vi vanlegvis ikkje har tid til under treningsregimet. Dermed blei det ein seinare kveld enn vanleg, men bot-sjefen kunne mismodig konstatere at det ikkje medførte ekstra pengar i kassa neste morgon ettersom alle møtte til frukost til vanleg tid.

Flatjordshow

Trenarane hadde skyve morgonøkta ein time fram. No når sola steikjer frå klokka 07.00 er det positivt for alle. Det er ikkje alle fjellapene som er akklimatisert for 20 grader pluss. I dag var det Flatjordshow frå start, med 30 minutt med basis- og rørsleøvingar. Dette var nok naudsynt for mannefallet siste døgnet har vore stort. Vi reiste til Kypros med berre ein skade, men i dag talte sjukelista fem mann. Heldigvis er Geir – Fysio – til stades og kan hjelpe, og hell i uhell gav sjukelista nok dommarar til resten av økta. Teknikk stod i fokus, og vi skulle blant anna spele ei fotballtennisturnering. Sidan det var så flust med dommarar kunne trenarane og vere med.

Stemninga var skyhøg, og brassesparka sat laust. Etterkvart byrja vi til og med å treffe på desse. Til slutt stod Flatjord, Savland og Kvalvågnes att som vinnarar. Til øyredøyvande jubel og trampeklapp… frå Savland.

Myrken og sol

Om eitt ord skal oppsummere dagen så må det vere sol. Øystein Myrkaskog viste leiareigenskapar med stor L og leia laget til bassenget. Der blei han sittande, og om nokon hadde tilbydd seg å måte han ville han heilt klart takka ja. Laget hadde også lært frå i går og Eikeland var sparka frå å styre musikken. I dag var det Beatles, R.E.M, Kenta, Di Derre og liknande som stod på lista.

Det er tydeleg at Bjørnen føler autoriteten sin truga, for etterkvart som dagen har går har han blitt meir og meir opptatt av å vise sine maskuline sider for laget. Det byrja allereie på trening med valdsame brytekampar med keepertrenar Stig, som han tapte klart. Utover dagen var det både hengande sit-ups, pull-ups, og fotballtennis det skulle testast i. I skrivande stund tar Bjørnen med seg heile laget for å teste boksemaskina i barneavdelinga – sjå FordeAlag på snapchat.

Hårmanken til Bjørnen

For å køyre ein live-update enda Myrk, som plutseleg var frisk att, som vinnar. Storfavoritt Stig står endå og slår medan han forbannar maskina, som soleklart må vore feil. Bjørn… Bjørn har innsett nederlaget og allereie byrja ei turnering med bordtennis. Kvifor dette plutselege konkurranseinstinktet er heller uklart, men vi trur det kan skrivast til at Bjørnen over natta – til mange si store fortviling – blei den på hotellet med lengst hår. Dermed er behovet for å vise maskulinitet stort.

Ny konkurranse blir dratt i gang når ein taper den førre….

Eit større knippe med spelarar følte det naudsynt å forlate denne testosteronbomba og tok ettermiddagen på stranda. Bading i Middelhavet, finkorna sand i bokseren, og eit minefelt av moglegheiter for å tabbe seg ut. I tillegg fann nokre ein stad å leige motoriserte køyretøy. Martin Dvergsdal var plutseleg i sitt ess, og leia an.

Pugga geni-spørsmåla

Då vi omsider kom attende til hotellet fann vi Myrk i akkurat same positur som vi hadde forlete han i tre timar tidlegare. Halvvegs sittande i ei solseng. Erlend Taule hadde med seg spelet «Geni», og spørjeleikane gjekk rundt quizmasteren frå Vik. Det viste seg fort at Taule var godt førebudd til leiren, for du må bruke litt tid om du skal memorere 1000 genispørsmål. Dette hadde han klart, og dermed vann han alle rundene. Enkelte såg det difor som hjelp frå himmelen då klokka viste middag.

Etter middag var det ny runde med Jeggoen, og i dag tok det lang tid før nominasjonane kom på bordet. Til slutt fekk følgjande tre i finalen:

Martin Dvergsdal: Prøvde å snakke seg ut av klippestup. Det var mange argument han kunne bruke, som høgde, avstand til land, gå-turen bort, osv. Men Martin valde å fokusere på at vatnet han skulle hoppe ned i var så forferdeleg djupt!

Ruben Holsæter: Blant venner er det lett å forsnakke seg, men Ruben gløymde at enkelte ord er veldig internasjonale då ei tøtte med to små passerte han…

Mathias Sagevik: Fann ikkje telefonen sin, gjekk for å leite. Ved bassenget, på rommet og i sekken. Han fann telefonen til slutt. I si eiga hand.

Til slutt var det… Ruben som blei stemt fram til å bere Jeggoen i morgon. Gutane har no reist frå hotellet og tatt seg ein tur ned i handlegatene. Oddsen er låg for at nokon kjem attende og har blitt lurte på prisar. Vi følgjer situasjonen.

PS: Gulliksen har tatt konsekvensane av ein svidd nakke og har berre vore i sola med t-skjorte/handkle på hovudet.

 

Mvh

Onkel reisande Mac