Reisebrev frå dei yngste – også kalla slavane…

Medan dei eldste gutta surfar seg gjennom treningsleiren, er det dei yngste gutta som må gjere dritjobbane. Les skildringa deira frå Kypros!
Reisebrev

For dei aller fleste er treningsleiren berre latter og fotball. For unggutta er det derimot mykje som skal gjerast. Her kjem deira oppsummering av kva dei eldre ventar av dei.

På og utanfor bana er vi fire unge gutar som må gjere mykje forskjellige drittjobbar – ofte ilag med ein Olav i godt humør. Allereie ved avreise frå Hafstadparken måtte vi ta med oss alt av utstyr vi hadde behov for på treningsleiren. Inn og ut av flyplassen må vi dragse med oss eigne koffertar, i tillegg til gjerne eit ballnett og helst ein draktkasse.

Får bot for å bruke for mykje tid

Etter skottrening når ballane ligg strødd utover i buskene eller bak mål, er det vi ung-gutta som må hente dei. Ofte samstundes som vi skal ta flaskene, vestane, kjeglene og skubbe på plass måla. Om det ikkje er gjort innen ei viss tid blir botsjef ekstremt pågåande og ei bot eller to er ikkje å sjå vekk i frå. Ikkje minst, får som regel dei yngste litt ekstra kjeft når dei gjer feil.

På slutten av veka må også alle førstereisande framføre eit lite show på scena framfor av gruppa. Det gler vi oss veldig til…

Til slutt, vi har det eigentleg veldig kjekt på tur.

 

Mvh

Sander, Odin, Vebjørn og Mathias