Reisebrev dag 5: Kven er sterkast?

I dag har vi verkeleg byrja å merke at enkelte har vore lenge heimanfrå. Det byrja allereie i går kveld. I det referenten trur var mangel på reine klede, valde nokre spelarar ekstreme tiltak for å skaffe nytt tøy. Ein reiste på tivoli og nytta seg av dei mest halsbrekkande apparat, så lenge dei gav t-skjorte i premie.

Ved frukost hadde vêrgudane verkeleg tenkt å spele oss eit puss. Dei stilte opp med overskya og lette 15 grader. Dei fleste tenkte at dette var perfekt for ei lengre trening, og at sola nok var framme når vi var ferdige med lunsj seinare. Solkrem…det er ikkje naudsynt. Dei omtalte vêrgudane hadde derimot andre planer og ikkje før hadde førdegutane gått av bussen før sola skein med full styrke. Følgjeleg starta ein dag som skulle bli prega av svært svidde skuldre og ryggar. Brannskadeavdelinga på Haukeland er allereie kontakta.

Styrkekamp mellom Totland og Hårklau

I dag var det mykje vi skulle gjennom på økta. «Snabba steg», oppspel, avslutningar og taktikk. Like fullt kom dette heilt i bakleksa av ein duell som har bygd seg opp dei siste dagane. Totland og Hårklau har dei siste dagane nytta kjeften grovt i det å hevde seg overlegen i styrke. Alle konkurransar så langt har vist keepertreneren som den sterkaste, men no hadde bamsane funne ein måte å avgjere dette – Brytekamp! Kampen kan fram til ca 12.30 i morgon norsk tid vitnast på snapchat (FordeAlag). Spoiler alert: Det vart favorittsiger!

Observante lesarar vil ha merka at det var lite konkurransar i går. Dette vart kompensert for i dag. Presisjon var stikkordet. Både med ball og hand. Fyrst var det curling med ball, der den som var nærmast sentrum av midtsirkelen vann. Varierande prestasjonar må det vere lov å seie, men Eirik Flatjord fortener særskilt merksemd. At pulsmannen var hadde styrke i beina visste vi, men at ballen skulle hamne i motsett 16-meter (over 40 meter forbi målet) hadde ingen venta. Til slutt var det Erlend Taule som vann konkurransen med beina. Men konkurransane var ikkje over med det.

Impulsiv skokast-konkurranse

Nå var det boccia med fotballsko. Eit kast, nærmast same sentrum. Her blei det klokkeklar favorittsiger til keeper Hansen. Etter konkurransane dag 5 byrja enkelte å skilje seg kraftig ut på poenglista. Sigersrusen var tydelegvis høg, for Hansen var ikkje ferdig med å kaste endå. Då han kom ut av bussen ved hotellet fekk han føre seg at han kunne få eit ekstra minutt sol om han kasta skoa opp til verandaen i andre (topp) etasje. Diverre var ikkje styrken kalibrert og skoa… skoa dei hamna på taket. Dei neste minutta brukte han på å overtale Odin Koskinen til å klatre opp og hente dei ned att.

Ved bassenget blir folket raudare og raudare. Der enkelte – les Olav, Knut og Geir – ser ut til å ha pigment dei berre kan stille inn på «brun», må andre verkeleg arbeide for fargen. Følgeleg går det mykje solkrem. Så mykje at enkelte til slutt gir opp og lar sola herje fritt. Konsekvensen er at ein snart kan spele inn ein cowboy og indianerfilm på bassengkanten. Rødhudar har vi nok av. Like fullt kjem nok ingen nærme vrista til Løseth i det å vere solbrent. Som følgje av skaden kan han ikkje bøye seg ned å få smurt solkrem på beina. Dermed ser vrista ut som Sahara i ein tørkeperiode. Då er det godt guten alltid nyttar slippers, og det er nesten godt det er tid før han skal ha på seg fotballsko att.

Sjølvskriva bot

Til lunsj skjedde det utenkjelege. Holsæter forsov seg, og i panikken for å unngå bot, gløymde han Jeggoen. Sjokkerte og vonbrotne spelarar såg sjokkert på at kapteinen, av alle, fylte på med mat og sette seg tilsynelatande kjenslelaus og kald. Så gjekk det opp for guten kva han hadde gjort, og til latter frå borda med førdespelarar måtte han konstatere at han – som botsjef – måtte skrive ei saftig bot på seg sjølv.

Ettermiddagen blei nytta ulikt. Dei fleste tenkte sol sol sol, til musikk, quiz og kort. Like fullt fekk dei fleste køyrt ei fysisk økt i styrkerommet.

Daniel Kvalvågnes har tatt konsekvensen av at laget har vist tendensar til å mangle medietrening. Han har, i lag med Taule, tatt ansvar og vore rundt på rombesøk og intervjua spelarar med video. Vi vonar resultatet av dette blir gjort tilgjengeleg (etter sensur) for alle interesserte.

Paradise hotel framfor Obama

Trenarteamet hadde også planar for ettermiddagen og inviterte etter kvart til gruppearbeid. Gjennomgang av ulike tematikkar som skal slå an tonen – og gje innsikt i – kva det vil seie å vere spelar for A-laget til Førde Fotball. Sjølv om det var mange gode innspel blir nok det sterkaste inntrykket framføringsteknikken til enkelte. At ungdommen i dag ser meir på Paradise Hotell enn Obama sine taler kom tydeleg fram her. Særskilt Kvalvågnes kunne kanskje vurdere å trene framfor kamera enn bak det. Forøvrig var det ramaskrik frå rommet til unggutane i går då streamen på hotellet blei dårleg og overnevnte program utgjekk…

Så var det klart for utdeling av Jeggoen, og i ettermiddag var det berre to nominasjonar:

Fredrik Hansen: Viser til historia der skoa plutseleg hamna på taket.

Vegard Eikeland: Vegard Søkte å betre føresetnadane sine i gris (triksing med ball, der den som mister får ein bokstav -g,r,i,s- og den fyrste som når gris må gjere ei straff medan han går på alle fire og gryntar som ein gris). Han valde solbriller for å betre synet. Det gløymde han då han måtte redde inn att ein ball med hovudet og brillene låg attende i fleire bitar.

I dag var det …Fredrik Hansen…. Som med 12 mot 7 stemmer må ikle seg Jeggoen i morgon. I det folket byrjar å gjere seg klare til å sjå fotball på ein pub i nærleiken blir dratt i gang endå ein konkurranse i hotell-lobbyen. Denne gongen er det vri-åtte det skal deslast ut poeng i. Vi følgjer spent utviklinga, men kan ikkje love direktelink på Eurosport.

Vi helsar heim og minner igjen om at vi har 20+grader og sol her vi sit!

 

Mvh

Onkel reisande Mac!