Trenaren skriv heim om kampen mot Linkøping

Det er godt å vere på treningsleir. Å få samla alle spelarane og jobbe saman kvar dag er bra for troppen. Målet med turen er å utvikle oss vidare saman, og trenarteamet ønskjer å forsterke spelkonsept slik at alle er trygge i sine roller.

Troppen ser bra ut, og pt. er det kun Knut som ikkje er med på øktene pga skaden han fekk mot Hødd. Heldigvis har han framgang, og er ved godt mot, så vi håpar han er klar til dyst så snart som råd.

Tidleg opp i leiing

Søndag var det kamp, og vi møtte Linkøping frå Sverige. Førde stillte med følgande lag: Fredrik Hanssen, Eirik Flatjord, Jokke Kvist, Johan Skorge, Martin Dvergsdal, Brage Sandvoll(Oscar Roti 20), Erlend Taule, Ruben Holsæter (Daniel Kvalvågnes 30), Kristoffer Iversen, Vegard Savland og Øystein Myrkaskog (Mathias Sagevik 50) .

Kampen endar 4-4, etter at vi stort sett har hatt leiinga heile kampen.

Vi gjekk tidleg opp i leiinga, etter eit flott raid frå førdekaptein Ruben Holsæter. Det starta heilt bak med Fredrik Hanssen som spelar inn Ruben, Ruben vender, spelar ein veg på eigen banehalvdel med Erlend Taule, før han forserar over heile bana, drar seg forbi eit par mann og limer ballen i nettet frå om lag 16m. Eit flott skåring som minner om det Lothar Matteus dreiv med i VM 1990!

Slepp Linkjøping til

2-0 kjem etter at vi kjem gjennom på høgrekant ved Brage Sandvoll. Øystein Myrkaskog drar gjennom feltet og skaper rom for Vegard Savland, som set eit godt innlegg kontant i mål frå 8 m. I tillegg til desse 2 måla så skapar vi ein god del store sjansar, og vi bør auke leiinga.

Når det ikkje skjer så kjem Linkøping litt inn i kampen, og dei har nokre gjennomløp som skaper problem for oss. Fredrik lagar straffe på ei av desse, men ryddar fint opp ved å redde straffeskotet. Linkøping får likevel utteljing rett etterpå med eit langskot langs bakken som sit i lengste. 2-1.

Rett før pause sett Vegard 3-1, og sitt andre for dagen. Vegard får eit langt oppspel mellom 2 stopparar, headar ballen med seg og tuppar den over ein utrusande keeper. Flott skåring av Vegard! 3-1 til pause. Eit skår i gleden i 1. omgang var at Øystein måtte gå av, men vi trur ikkje dette er noko alvorleg, så han er forhåpentlegvis frisk og rask innan kort tid 😊

Etter 1.omgangen så burde kampen vore avgjort, og vi kunne etter sjansar hatt ei mykje større leiing.

Perlemål

2.omgang er litt som første. Førde skapar sjansar, Linkøping slår ein del langt og kjempar seg til nokre ballar høgt i bana, utan å skape det heilt store. Dei reduserer på eit innlegg som går over alle og endar hos ein Linkøpingspelar på bakerste. Han set ballen i mål. 3-2. Vi har trent på døballlvariantar her nede, og det gjer at spelarane ser etter kreative løysingar. 4-2 målet er strålande. Eirik Flatjord slår kort til Erlend Taule. Dei spelar vegg og Eirik sitt Cafuinnlegg endar på bakerste der Martin Dvergsdal headar ballen kontant i mål. Martins andre mål på like mange kampar.

Etter 4-2 blir kampen for vår del litt rotete. Vi får litt store avstandar i laget. Linkøping slår langt og går over til 3 bak i slutten av kampen. Eit langt oppspel fører til at ballen ramlar ned ned hos ein linkøpingspelar som reduserer til 3-4. Rett før fulltid får Linkøping frispark, som dei set i mål, og stillinga endar 4-4.

Ruben går av etter 60, då dette var første kampen hans på litt over 1 mnd, og Daniel Kvalvågnes får sitt andre innhopp for året etter beinbrotet i desember. Oscar Roti får sine første minutt. Godt å sjå at desse to er i gang! 😊

Kjem til sjansar

Det ser bra ut før seriestart. Spelarane veit kva vi skal gjere. Vi ser at vi har litt å jobbe med i det defansive, og det er godt å få desse treningskampane, slik at vi forhåpentlegvis kan justere på det som må rettast til seriestart. Det som gler oss veldig med kampen er det offensive. Vi vinn sjansestatistikken klart, med dusinet fullt av gode sjansar skulle vi gjerne skåra fleire. Men vi kjem til sjansane, og når serien startar skal vi sette dei! Linkøping er effektive, og skårar på 4 av 5 sjansar, så det var ein skuffa gjeng som måtte ta til takke med 4-4.

Ny kamp onsdag, mot det lokale laget ASIL. Då er det eit ungt lag som skal ut og vise seg fram. Det blir bra!

Bjørn