Reisebrev dag 6: Ung-gutane sin tur

I dag har vi steikt. Verkeleg steikt. Til trass for ein kraftig vind som hjalp på den verste heten, viste gradestokken 26 grader i skuggen. Du må tru vi lol’a – Gud som vi lo – då Plagen fortalte at over heile Vestlandet var det haglebyger og liten storm samstundes som det regna både opp og ned.

Kasta brunfilteret

Like fullt var dagens fyrste gledelege overrasking å finne i matsalen. Endeleg var det nokon som våga å vise hud ikledd Jeggoen. Hanssen stilte – som seg hør og bør – i baris under antrekket som i løpet av veka har fått ei heller kraftig utringing.

Dag seks på leiren står «ung-gutta» stod i fokus. Det var kampdag og dei som ikkje spelte frå start mot Linkøping søndag skulle få moglegheit til å briljere mot lokal motstand om ettermiddagen. Dermed måtte dei aktuelle spelarane få terpe taktikk på den tidlege økta. Dette gav underteikna gode høve til å få tatt bilete av spelarane i sitt rette element – 11 mot 11, med duellar og trøkk. Det har rett nok vore høve for slikt tidlegare, men no hadde sola fått tatt nok på skrottane til at vi kunne ta av brunfilteret og vise fotballeggane slik dei faktisk ser ut.

Dagens konkurrase

Bjørnen hadde ikkje planar om å ta lett på treningsøkta sjølv om det var mindre rutinerte spelarar som skulle i aksjon. Om han ikkje var nøgd var det attende til start, som om han skulle vore instruktør i SPETSNAZ eller SAS. Til slutt var han endeleg nøgd, og sosialkomiteen kunne overta.

I dag skulle vi  skru ballen i mål frå cornerflagget. I Utgangspunktet er dette ei enkel øving, men vinden gjorde at svært få gjekk til finalen. Til slutt var det Daniel Kvalvågnes som viste at overskot etter ein lang skade ikkje skal undervurderast då han sette inn 2 av 3 forsøk.

Like fullt er det eit rom som berre fortsett å imponere på turen. Rommet Hårklau og Gulliksen klinka til med 2 og 3 plass, og fekk like mange poeng som rommet til vinnaren. Tungvektarane slår verkeleg frå seg!

Kypriotisk motstand

Som vanleg på ein treningsleir kampdag, er det eit hektisk program for dei som skal spele og trenarar. Spelarmøte, 1 til 1 samtalar, nok mat og drikke, samt ein kvil, skulle til før avreise klokka 14.30. I dag gjekk ikkje kampen på treningsområdet, men på ei bane rett ved den tyrkiske grensa (Kypros er delt mellom ein gresk og ein tyrkisk del – dagens geografileksjon).

Motstandarar i dag var ASIL – må ikkje forvekslast med ISIL! Eit lag på nivå 2 i kypriotisk seriesystem. Trenar Bjørn kjem med sine tankar om denne kampen seinare. Vi tek med resultatet: 3-2 til Førde og registrer mykje positivt frå dei yngste på a-laget.

Interessant meny

Det var tydeleg at sola var sterk i dag, for til trass for sigersrus var det ein trøytt og stille gjeng som reiste attende til hotellet. Dermed var det viktig å få i seg god og proteinrik mat når ein endeleg kom til middag. Heldigvis leverte kokken og stilte med nysteikt krokodille… ja du leste rett, krokodille.

Så var det dags for turens siste Jeggo. Denne gangen køyrde vi livesending på Førde Fotball sine facebooksider, og opptak ligg tilgjengeleg for dei som ynskjer. Dagens nominerte var:

Johan Skorge: Etter at enkelte merka at Skorge ikkje var  den sterkaste i bordtennis trengte guten motivasjon for å utvikle seg. Skorge valde å gjere dette til Hassard og skuldar no fleire av sine motstandarar relativt solide summar, men han vel framleis å satse alt på kvitt eller dobbelt – sjølv om han ikkje har blitt særskilt mykje betre.

Martin Dvergsdal: Måtte avlaste Koskinen på venstreback etter 15 min, men kunne ikkje finne drakta si. Den låg att på hotellet. Dermed måtte han bytte til seg ei drakt på sidelinja. Problemet var berre at Dvergsdal etter kvart var involvert i fleire byter  – totalt 3 – og for kvart byte måtte han låne drakt og skifte. Ein soleklar nominasjon der!

Til rom 203: Duoen Skorge/Storevik presterte å låse seg ute av rommet, og gløymde at dei hadde gitt nøkkelen til gutane på naborommet for at dei skulle ta vare på den. Dette førte til ein halvtime panikk, til glede for alle andre.

Vert Jeggoen kasta etter at Martin har brukt den?

I dag blei dei ei soleklar siger. 4 mot 14 mot 3. I morgon er det Martin Dvergsdal, som sistemann, som skal ikle seg heidersplagget vårt. Vi gratulerer han – alle som har brukt plagget, og alle som unngjekk plagget på denne turen.

I kveld blir det religion på hotellet. Vår religion: Fotball! Kampar frå Noreg, Italia og ikkje minst England rullar på skjermen i dei seine timar. Vi gler oss og tytast i morgon!

Mvh

Onkel reisande Mac