Trenaren sitt kampreferat frå Førde – ASIL

Onsdag var det ny kamp, der vi møtte det kypriotiske laget ASIL. Dei som ikkje var i aksjon mot Linkøping skulle få prøve seg. Vi stilte med følgande lag: Fredrik Hanssen, Fredrik Rørstadbotnen, Marius Storevik, Vegard Eikeland, Odin Koskinen, Sander Aamelfot, Elias Rognebakke, Ruben Holsæter (k), Vebjørn Løkkebø, Mathias Sagevik og Daniel Kvalvågnes.

Usikker på kva motstand vi møtte gjekk vi til verks, og det viste seg å bli ein jamn kamp. Kampen gjekk litt inne i landet, og på den varmaste dagen så langt på turen med meir 30 grader enn 20 i sola.

Må jobbe med innlegga

Det var ein jamn opning, der vi følte litt på nivået. Ung-gutta får kjenne litt på ein del duellar, og at viss dei nøler så blir dei «spist opp». Veldig god læring for mange. Vi skapar ein del moglegheiter på høgresida, der Sander og Fredrick kom gang på gang i fine posisjonar. Sluttproduktet må likevel jobbast litt med i form av innleggskvalitet. Det kjem!

Nettopp Sander gjev oss leiing 1-0 etter ca. 30 min. Først får Sander ein gjennombrotsball som han forsøker eit innlegg på. Etter om og men kjem ballen tilbake til Sander som på halv volley set ballen flott i mål frå omlag 12 m. Flott skåring!

Etter dette er det mykje spel på midten. ASIL skårar så først eit mål på eit litt svakt tilbakespel frå oss, som vi får brot på. 1-2 kjem på dødball, og her søv vi dessverre og 4 mot 1 får ASIL heade inn leiing. Her søv vi!

Pause.

Sikrar sigeren mot slutten

Vi tek tak i ein par ting ved pause, og er einige om at vi må opp med konsentrasjon, og å tørre meir. Etter 60 min gjer vi ein del byter, og det fører straks til skåring. Vegard har vore god her nede, og nok ein gong stakk han gjennom og sette ballen kontrollert åleine med keeper, 2-2. Etter dette var kampen jamn, med sjansar til begge lag. Rett før slutt vinn vi ballen høgt i bana, Vegard får ein stikkar og kjem nok ein gong åleine med keeper. Denne gongen spelar han på tvers til Marius som set ballen sikkert i ope mål, 3-2 til oss rett før slutt.

No handlar det om å ri inn leiinga, og vi har fullt fokus på dette resten av kampen. Det blir gjennomført til punkt og prikke frå spelarane, og vi vinn derfor 3-2 utan at ASIL skaper ein einaste situasjon siste minuttane. Nok ein kamp der vi skaper bra med sjansar offensivt, og nok ein kamp der vi slepp til motstandar litt for lett. Det blir artig å sjå Førde i år. Vi får prøve å rette opp baklengs, og fortsette å skåre mål framover.

Bjørn