Reisebrev dag 7 – Fø-flekkreft på resept

HURRA FOR DEG SOM FYLLER…..ok vi tar den litt seinare i brevet. Så gjekk det slik det alltid går på treningsleir. Dagane går , vi kosar oss, og det kjennast ut som vi har all verdas tid. Plutseleg kjem siste dag, og alt vi ikkje har fått tid til – eller nok tid til – skal pressast inn på 24 timar.

Ettersom vi var ferdige med dei fysiske øktene på leiren etter kampen i går, fekk spelarane for fyrste gong fri på føremiddagen. Samtlege forstod at dette mest truleg var siste sjanse på 3 månadar, 12 dagar, 5 timar, 23 minutt og 45 sekund til å få meir enn 5 minutt samanhengande sol på kroppen. Konsekvensen var at vi nesten sov utandørs – på solsengene – overnatta – for å få maksimalt ut av solguden Ra sin tur over himmelen.

I det enkelte byrja å sjå redselen for regn i kvitauge, skjedde det det som alltid skjer siste dagen på Sydenferie. Sol-oljen kjem fram. Kombinerer du dette med dei ekstra soltimane ein fridag gir, er konsekvensane klare. Førde kjem til å fløyme over av daud, avflassa hud dei neste 14 dagane. Vi kunne like godt bestilt føflek-kreft på boks.

Avsluttande konkurransar

Det var like fullt ikkje mogleg å ta heile dagen fri. Det var nemleg ikkje alle konkurransane som var ferdige. Vi mangla både footvolley og badekonkurranse. Heldigvis hadde vi tida på ettermiddagen til dette. Diverre førte dette til at magar, som allereie sårt trengte skugge, måtte nytte 3 nye timar i solveggen. Idiotar som vi er har vi jo ikkje vet til å ta på oss ei skjorte.

Då alle konkurransane skulle konkluderast i dag, var engasjementet på topp. Footvollyen tok tid, men til slutt gjekk trenar Totland og kompanjong Flatjord sigrande ut av finalen mot Savland og Hanssen. Med dette gjekk duoen Hanssen/Savland inn i siste konkurranse med ei klar leiing. Det var ikkje einaste grunn til å feire for Flatjord i dag. Tidlegare denne leiren har enkelte med redsel funne ut at A-stallen no har fleire medlemmar som er fødde på 2000-talet enn som er fødde på 80-talet. Følgeleg kunne ein i dag med glede konstatere at vi fekk ein ny gamling i rekkene. Eirik Flatjord fylte i dag 30 år! Vi ynskjer til lykke med dagen, og ynskjer til lykke med alle eventuelle eksistensielle kriser.

Ein «natural born swimmer»

No var det like fullt tid for den einaste konkurransen Bjørn hadde laga til. Halde pusten under vatn så lenge som råd. Alle samstundes. Til å vere idrettsfolk var lungekapasiteten heller låg. Tre personar utmerka seg derimot positivt, og etter 1 minutt var finalen mellom Totland, Storevik, og Kvalvågnes i gang.

Fyrste hovud av dei tre siste kom opp av vatnet rett etter at klokka så 1 min 30. Storevik var ute og enda på tredjeplass. 1 min og 50 sekund til det før konkurransen var avgjort og Bjørnen fekk vist kva badenymfe han er. Stolt symde han (med to av to sigar) til land og proklamerte han kunne ha helde på lengre.

Då vi hadde samling ein time seinare var det knytt stor spenning til kven som hadde/tapt vunne leiren. Eller… tapt viste vi eigentleg. Duoen Rørstadbotn/Rogbebakke hadde som einaste par ikkje plukka opp eit einaste poeng gjennom leiren. Når det kom til sigeren var det derimot veldig likt. Så likt at to lag gjekk til ekstraomgangar for å kåre ein vinnar. Resultatet her har referenten endå ikkje fått tilsendt, og så vi vonar å formidle det i morgon.

Ingen leir utan underhaldning

Så.. . Så…. Så var det klart for vekas høgdepunkt. Som vanleg på ein treningsleir treng vi underhaldning. Siste kvelden fell dette på dei som reiser på treningsleir med klubben for fyrste gong. Dette er for internt bruk, og videoar blir ikkje delt av klubben. Like fullt skal de få eit resymé av kva som blei framført:

Sagevik, Koskinen, og Aamelfot: Song og «dans» til Vassendgutane.

Rognebakke, Sandvoll, og Løkkebø: Song og rørsle seg til «Lemon Tree».

Dvergsdal, Storevik, og Rørstadbotn: Sketsj knytt til Bjørn og Olav sine nattlege aktivitetar på Jølster dei siste 25 åra.

Skorge: Song… men kva han song var litt vanskeleg å få tak på… rapportane seier det var «Shadow» eller noko slikt (sitat Flatjord).

Løseth: Kombinerte ei irsk vise med observasjonar frå veke til eit kurs i sjekking.

Totland: Song «You were always on my mind».

Laget endrar fokus

Dette avslutta fellesaktivitetane til A-lager på Kypros. I morgon tar vi turen heim att. Før den tid har enkelte spelarar valt å bruke kvelden på å pakke, andre på å sjå Brannkamp, medan andre igjen tok turen på Hard Rock Cafe for ein god dose skikkeleg musikk ein real matbit.

No skiftar Førde A-lag fokus, no handlar alt om serieopning 17.april mot Sotra i Bergen. Vi håpar leiren har gjort sitt til at kampen skal gje eit positivt resultat for dei med svarte og kvite sympatiar.

PS: I det reisebrevet skal fly gjennom lufta tilbake til Noreg kjem rapportane om at Hanssen/Savland har vunne ekstraomgangane i den totale lagkonkurransen. Vi gratulerer!

Mvh

Onkel reisande Mac