Reisebrev dag 8: Heimatte!

Då var treningsleiren til A-laget over. Ei veke med sol, gode baner, eit flott hotell, og mykje latter er blitt historie. No er det tid for å bygge vidare på dei erfaringane vi har gjort oss og det samhaldet som er bygd opp.

Avreisedagen starta med heller småekle nyhende. Berre eit steinkast vekke, ute i Middelhavet, hadde to amerikanske krigsskip fylt luftrommet med 59 Tommahawk-missilar. Det same luftrommet Førde Fotball skulle nytte i løpet av dei neste timane. Vi får håpe SAS får oss trygt heim før det bryt ut full krig. Ved frukosten virka det like fullt som om ikkje alle hadde tenkt over dette. Stemninga var overraskande god. Kanskje dagens ungdom ikkje les aviser eller får med seg nyhende? Eller kanskje dei ikkje viste kor nær dei faktisk var hendingane? Uansett… lukkeleg uvitande er det noko som heiter.

Har levd som grevar

09.40 lokal tid blei vi plukka opp for avreise til flyplassen, og overraskande nok fekk alle med seg nøklar og pass. Førde Fotball ynskjer å takke Aktea Beach Hotel og eit veldig fint opphald. God mat –  tre gongar dagleg, gode og reine tilhøve på romma, lett tilgjengeleg kaffi, og alle andre tilhøve ein kan ynskje på ein treningsleir. Det må vere lov å drive litt reklame for hotellet! Både til dei som ynskjer ein ferie eller til andre lag/grupper som vurderer treningsleir. Berre duoen Gulliksen/Hårklau fann noko å klage på. Det var så mykje mat at planen om å bli betre trena og å ta av ein kilo eller to gjekk på dunken.

Stig Hårklau

Heldigvis har ikkje reisa heimover gått utan hendingar verdt å skrive heim om. Enkelte har tydelegvis hatt det så komfortabelt på leiren og at dei har slutta tenkje sjølv. Brage Sandvoll gløymde at han trengte pass for å komme gjennom innsjekk på flyplassen. Passet hadde han lagt att hjå romkamerat Roti bak i køa. Han måtte difor ta kø og innsjekk ein gong til. Det gjekk ikkje betre denne gongen. Sjølv om Brage no hadde fått tak i pass hadde han sjølvsagt ikkje funne tak i sitt eige pass. I ti minutt stod han og søkte å reise som Oscar Roti, før han for tredje gong måtte byrje kø og innsjekk på nytt. Guten skal vere sjeleglad for at Jeggoen ikkje lengre skal delast ut om kveldane.

Skada eller berre sugen på sol?

På flyplassen fekk laget litt mindre gode nyhende. Bileta som keeper Løseth tok av skaden i låret hadde kome attende, og det viser seg at han må under kniven med avsliten muskel på baksida av låret. Vi vonar dette blir gjort fort, slik at oppattreinga kan byrje raskt. Elles har turen gått føre seg utan nokon alvorlege skader. Enkelte har kjent litt på såre musklar, lett forkjøling, glasbrot i foten, og solbrentheit.

Den einaste tendensen til skade var på Øystein Myrkaskog som fekk  problem med eit kne i kampen mot Linköping. Enkelte har likevel byrja å skylde Myrken for å overdrive omfanget av denne skaden for å kjøpe seg meir tid med var overkropp. Mannen har vore så mykje i sola – på jakt etter farge – at Ludvig den 14. av Frankrike har fått kamp om tilnamnet sitt! Følgjeleg reknar vi med han er back-in-business så fort flyet landar på norsk jord med tilhøyrande klima.

Har bygd lagånd

Med to kampar, og mange treningsøkter, på gras i løpet av treningsleiren har trenarteamet verkeleg fått moglegheita til å vurdere og utvikle eige lag. Bjørn – som framleis berre er eit breitt glis etter to sigrar siste dagen – er svært godt nøgd med det sportslege utbyttet. Like fullt er det mange andre, og minst like viktige, sider med ein slik leir. Dei siste åra har det vore store utskiftingar i A-stallen til Førde. Då er det ikkje alle som kjenner kvarandre like godt – på godt og vondt. Leiren er difor essensiell for at spelarane skal kjenne lagkompisen(ane) dei skal krige saman med om tre poeng.

Det er også slik at årets stall i det store består av «barnerumper». Det er veldig viktig – om Førde skal få ein god sesong – at desse tar ansvar for utvikling og resultat. Ein leir der dei spelarane som ikkje er så vande til å ta ansvar må utanfor komfortsona si, er difor vital. Dette er noko dei nemnte ungdommane kjem til å vekse på. I tillegg er det ein ekstra glede for alle andre som får observere ungfolane utfolde seg, fyrste gong på tur med eit vakse fotballag. Trenarteamet melder om ein leir med mykje positivitet og utvikling, særskilt sosialt. Dei vonar at dette er noko alle i laget, men særskilt dei yngste, vil ta med seg og bygge vidare på.

Takk til følgjarane våre

Elles på turen har ein også byrja å få dei sosiale media kring Førde Fotball sitt herrelag opp å gå. I mange år har Førde Fotball blitt promotert gjennom uavhengige rapportar. Vi vonar at denne leiren var ein «kick-start» i høve det å promotere oss sjølve, klubben, og sponsorane våre. Vi vil samtidig nytte høvet til å takke alle dei som har følgt oss gjennom leiren – på Facebook, Snapchat, og på forde-fotball.no – og gitt tilbakemeldingar. Vonleg blir endå fleire med på dette, og får eit unikt bilete av familien Førde Fotball og Førde Fotball A-lag – frå innsida. Vi lover at dette skal følgjast opp gjennom sesongen, om ikkje like hyppig som frå treningsleiren.

I skrivande stund er SAS-flyet over Austerrike. Vi har kraftig motvind og blir ein time forsinka heim. Folket ser film, kosar seg med kaffi og – for ein gangs skuld – framifrå flymat. Martin Dvergsdal har kjøpt seg 3 boksar cola og meiner det skal halde til han kjem på Flesland og til Tax-Freebutikken.

Vi ynskjer alle som følgjer Førde Fotball ei riktig god helg og ein god påskeferie. Kanskje tar vi med oss finvêret frå Kypros opp igjen? Vidare oppmodar vi alle som ynskjer til å legge turen til Hafstadparken og Førde stadion i framtida. Gjerne i samband med kamp, men og elles. Førde Fotball ynskjer at folk engasjerer seg, og om det er å ta ein kaffi med gutane etter jobb og ein prat om laust og fast er dykk hjarteleg velkommen. Det er alltid ein kaffikokar som putrar og går. Vel møtt!

 

Mvh

Onkel reisande Mac