Jenter som har jobba for å nå Norway Cup

-Både foreldre og jentene har jobba hardt og målretta for å endeleg kunne delta på Norway Cup. Det seier oppmann for Førde J14, Atle Skrede.

Dei 27 jentene på Førde J14 har lagt ned fleire hundre timar på dugnadsarbeid. Saman med foreldre har jentene rive eit stort kontorlokale for ein lokal entreprenør. Pengane dei fekk for jobben skal gå til deltaking på Norway Cup. I tillegg tok laget ein jobb før påske med å vaske ned innflyttingsklare leiligheiter. Alt for å nå målet som vart sett for to år sidan – deltaking på Norway Cup.

-Jentene kunne då velje mellom Dana Cup eller Norway Cup. Det var ikkje tvil – det var Norway Cup – verdas største fotballturnering, dei ville på. Når jentene for første gong reiser på ei turnering utanfor fylket klinkar vi til og reiser heilt til Oslo, ler Atle Skrede som er oppmann for laget.

Spennande med ny motstand

Tidlegare har jentene vore med på Førde cup, Eid cup, Grodås cup, Selje cup og Lerum cup, der dei har hevda seg godt.

-Det blir spennande å møte motstandarar frå heile landet, seier Skrede.

For å sikre at deltakninga på Norway Cup skulle bli så stor som mogeleg og sikre informasjon til foreldra, starta planlegginga tidleg med eit første foreldremøte i starten av desember. Dermed har jentene sikra seg at det er 96 personar som reiser, noko som betyr at heia-gjengen er solid.

(Saka held fram under bilete)

Tilpassa trening

-Denne gjengen er godt samansveisa og trenarar og foreldre. Profilen for laget er at «alle skal vere med». Dermed er det også mange rundt jentene som blir med, både av familie og venner, seier trenar Henrik Myklebust.

På treningane er opplegget differensiert for å treffe nivåa til dei ulike spelarane. Dessutan er det er lov å vere god og det er eit pluss at fotball er kombinert med andre idrettar. Åtte av jentene spelar på kretslaget. Men alle er like velkomne på trening, uansett om dei trenar ein eller fire gongar i veka.

-Jentene har tilbod om fire treningar i veka. Fleire av jentene driv andre idrettar som friidrett, alpint, symjing, handball og langrenn, seier Myklebust, som ønskjer allsidigheita velkommen. Han meiner det har bidrege til mindre fråfall i gruppa.

Lite fråfall frå fotballen

-Med dette som utgangspunkt er det lite fråfall i gruppa, 33 har blitt til 27 i løpet av siste året, der fleire har gått over til andre idrettar, seier Myklebust.

Han seier samhaldet blant foreldra er også godt og mål, visjon, treningshyppigheit er kommunisert tydleg, både på foreldremøte og Facebook.

-Vi har mange ressurspersonar i gruppa som har arrangert kurs med tema som leggmassasje basistrening, taping, akuttmedisinsk førstehjelp og trenar/oppmannsapparatet består av 6 personar, seier Myklebust.

På den siste treninga før sommarferien var jentene klokkeklare på ein ting: Dei gler seg til Norway Cup!