Herrane leika seg til 3 poeng mot Fyllingsdalen

KABOOOM! Førde – Fyllingsdalen: 4 – 2. Fyllingsdalen tok leiinga i første omgang, men trenar Bjørn Totland må ha servert gutta noko spesielt i pausen, for i andre omgang var det berre eitt lag på bana. Førdegutane var suverene og leika seg med lillaskjortene. Vegard Savland sprudla på bana og med hat-trick vart han kåra til banens beste. Øystein Myrkaskog kom også på skåringslista. Les meir frå kampen i Firda.

Laurdag 16.september spelar Førde borte mot Os. Kampstart klokka 15.

I 2.divisjon for damer tapte Førde 1 – 2 mot Sandviken2. Neste kamp blir spelt 16.september mot Arna Bjørnar2.