Oppføringer av tonelin

For ei dame!

Marianne Undertun ofrar både liv og lemmar i kamp for FørdeFotballen. 8 operasjonar berre i kneet seier vel sitt. Men ho nektar å gje seg! Les meir i Firda

Solid jobb, trass i tap

Damelaget må seiast å ha levert ein solid kamp mot serieleiar Kaupanger i onsdagens kamp, trass i at laget tapte 2 – 0 på bortebane. Førdelaget heldt nullen til ut i andre omgang. Neste kamp for A-laget er søndag 21.mai mot Fana i Hafstadparken. Allereie i kveld spelar 3.divisjon i Hafstadparken mot Stryn. Heia Førde!

Gutta stel eit poeng mot seriefavoritten

I laurdagens kamp mot Brattvåg var strategien klar: jobbe, jobbe og jobbe. I vanvittig sjeldan varme på stadion kjempa gutta som løver.  På overtid var letta Stadion då alle trudde ballen gjekk i mål – men enda like utanfor. Alt i alt kan vi konstatere at Førdegutane ser ut til å gå gjennom eit hamskifte. […]

Påmelding til Tine Fotballskule

For 7, 8,9 og 10 år er Tine Fotballskule frå 14. – 17.august. For 11 og 12 år er det frå 19.-22.juni – i år med herretrenar Bjørn Totland og sportsleg leiar Johan Pettersen som ansvarlege for treninga. Det vil bli mykje spel, men også ein del spennande øvingar som også A-laget brukar. Vi håpar […]

KAABOOOOMMM!

Siger i Haugesund! Trenar Bjørn kan smile frå øyre til øyre over sigeren mot Haugesund. I kampen var forsvaret til Førde på tå-hev, og slapp ikkje Haugesund til ein einaste sjanse. Det var Myrkaskog som serverte ein lekker pasning til Savland som knalla ballen i mål. All grunn til å juble over den store framgangen […]

Søndagskapar for dame- og herrelaget

Begge kampane startar klokka 13 og motstandarar er Klepp 2 for damene og Haugesund for herrane. Damenes motstandar, Klepp 2, tapte 1 – 2 mot Arna-Bjørnar førre helg, medan førdedamene sikra siger på heimebane mot Avaldsnes. No håpar vi dei gjentek suksessen! Herrelaget har tatt bussen fatt, og reist til Haugesund. Også på Haugenbanen startar […]

Cup-kamp mot Florø

Torsdag 27.april blir det cup-kamp på Stadion mot Florø! Vi reknar med masse folk frå nabobyen i vest, så vi oppmodar alle om å komme på kamp for å lage meir lyd og røre enn flørianarane. Vi opnar dørene ein time før kampen!

Brann2 vart for sterke

Herrelaget hadde fleire sjansar i første omgang, men det var først i andre omgang Førde tok leiinga i ved Ruben Holsæter. Men i løpet av 2 minutt i andre omgang sette bergensarane ballen i nettet to gongar og tok dermed med seg tre poeng. Drit! Les meir om kampen i Firda. Vi takkar publikum for […]

Damene sigra mot Avaldsnes

Damelaget vårt vann seriestarten etter ein sterk siger i Hafstadparken! Heroisk innsats av heile laget og mål av Amanda Nesbakk og Andrine Njøsen Helgås resulterte i at alle poenga vart igjen i Førde. Vi gratulerer jentene med returen til 2. divisjon, og takker publikum for støtta! Les meir om Andrine Njøsen sitt «come-back» til Førde  og […]