Alle trenarar og lagleiarar i Førde IL Fotball må framvise politiattest.

Krav om politiattest i Førde IL Fotball Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok 10. mars 2008 at norsk idrett skal krevje politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordninga gjeld for alle som skal utføre oppgåver som i vesentleg grad inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Ordninga gjeld frå 1. januar 2009.

I Førde IL Fotball blir ordninga handtert på følgande måte: Alle tilsette og frivillige som har oppgåver for idrettslaget som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal legge fram politiattest. Dette blir gjort i samråd med:  Per Øyvind Storevik – epost per.oyvind.storevik@fordeindrettslag.no

Representantane har taushetsplikt overfor uvedkommende i forhold til dei opplysninger dei får kjennskap til. Politiattesten inneheld kun opplysningar om personen for tida er sikta/tiltalt eller tidligere ilagt forelegg/dømd for brot på bestemmelser i straffelova om seksualforbrytelsar overfor barn. Idrettslaget har ikkje anledning til å be personen om å innhente politiattest for andre straffbare forhold. Innhenting av politiattest er gratis.

Rutinar for innhenting av politiattest:

1: Ein kan no søke elektronisk. https://www.politi.no/tjenester/politiattest/hvor_skal_soknad_om_politiattest_sendes/Tema_1311.xhtml Ein treng ein bekreftelse på formål. Ein tek då kontakt med  Per Øyvind Storevik som fyller ut det aktuelle skjema for stadfesting. Ein må oppgi fullt namn og personnummer. Dette kan ordnast via epost. Ein får då eit ferdig utfylt og signert bekreftelse på formål i retur som eit vedlegg.

2: Ein loggar seg på og benyttar MinID, BankID, Buypass eller Commfides. Ein lastar så opp bekreftelse på formålet i prosessen- http://www.politi.no/tjenester/politiattest/

3:Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den sendast ikkje til idrettslaget. (Behandlingstid hjå politiet kan vera nokre veker) 4: Søkjaren skal så framvisa sin politiattest til Tone Lin Støfring Skovro. 

Førde IL Fotball skal ikke lagre attesten, men berre få den framvist til gjennomsyn. Framvisinga skjer enten ved personleg oppmøte eller ved å skanner politiattesten og sende den som vedlegg i ein epost eller som MMS bilete. Ein slik epost/mms blir sletta etter at den er registert i Førde IL Fotball sin database.

Personar som ikkje har framvist politiattest utan merknad, kan ikkje settast til oppgaver som innebærer eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

Sjå elles nettsida: www.idrett.no/politiattest