• Til dømes 1A.

Velkommen som deltakar i Grendaserien

Grendaserien i Førde IL Fotball er eit tilbod til born i alderen 6-10 år. Her får ein moglegheit til å være med vener å ha det moro saman på fotballbana.

Grendaserien er bornas første møte med organisert fotball, og skal være leik, og moro. I Grendaserien er alle velkomne, her bygger vi godt venskap. Alle som er med skal få spele like mykje, vi skal lære å tape og vinne med same sinn.

Vi spelar med 5 på bana samstundes, 1 keeper + 4 utespelarar. Vi har reine gutelag og jentelag. Alle spelar 4 kampar på våren og 4 kampar på hausten, og alle har 1 trening i veka. Vi treng engasjerte foreldre som melder seg som trener/oppmann for laget. Fyll ut skjema for påmelding.

Alle må betale medlemskap i Førde IL, dette koster kr 150,-. Har du betalt dette før ifm andre idretter, så treng du ikkje å betale den ein gong til.

Treningsavgift for 7-10 år var for 2016 kr 600,-. Treningsavgifta blir for 2017 vert bestemt på årsmøtet, og vil bli sendt ut informasjon om seinare.