Hovudmål med fotball i grendaserien:

Hovudmål for barnefotballen i Førde IL er gje så mange born som mogeleg eit fotballtilbod og ei fotballoppleving prega av tryggleik, meistring og trivsel gjennom både trening og kamp, samt deltaking i eit sosialt og trygt lags- og klubbmiljø.

I 2016 er det om lag 500 utøvarar i alderen 7-10 år som er med i grendaserien. Desse er fordelt på 65 lag!

Grunnleggjande reglar for all aktivitet i grendaserien:

Barnefotball er leikprega

Barnefotballen er borna sitt første møte med organisert fotball, i form at ein har drakter og spelar på baner. Hugs likevel at dette skal vere leik, alvoret kjem tidsnok. Førsteinntrykket betyr mykje, kanskje alt. Lat borna ha det moro, la dei leike – og la resultatet vere underordna. Det viktigaste resultatet du kan få er fornøgde born som byggjer opp vennskap gjennom samhandling.

Det viktigaste er å vere saman med vener

Borna søker først og fremst til fotballen for å vere saman med vener. Det er dette samhaldet vi skal legge vekt på – og det er eit slikt samhald som skapar lagånd. La difor vener trene saman og spele på same lag!

Alle skal spele like mykje

Ingen blir betre av å sitje på benken og alle tykkjer det er moro å spele. Dessutan er det ingen som veit kven som blir best som vaksen. Trivselen og ferdigheitsutviklinga er viktigare enn resultatet, sjølv om alle tykkjer det er moro å vinne og å score mål. Det er difor ikkje ønskjeleg at nokon «toppar laget» for å vinne kampar. La alle spele like mykje, la alle i tur få spele frå start og la alle spele på forskjellige plassar!

Lær borna å tole både siger og tap

I barnefotball kan alle delta, ingen er for dårleg og ingen er for god. Det er difor viktig å byggje på prinsippet om jamn motstand både i kamp og trening. Ingen likar å tape eller vinne ”tosifra”. Ta siger og tap med fornuft – toler dei vaksne å tape, lærer borna det også. Fotball er eit lagspel der alle tapar og alle vinn. Ein siger tek kvar einskild med seg heim – eit tap delast av alle.

Meir trening og færre kampar

Born bør trene meir enn dei spelar kampar. Dei bør bli oppmuntra til eigenorganisert aktivitet. Det gjer du best ved å ha morosame treningar. Legg opp til eit kampprogram som varierer mellom enkeltståande kamper og turneringar!

Barnefotball er allsidig aktivitet

Gjennom fotballspelet får born mogelegheit til å utvikle grunnleggjande motoriske ferdigheiter som til dømes å gå, springe, hoppe, kaste og sparke. Fotball for born er difor allsidig. Likevel bør born sjølvsagt få mogelegheit til også å drive med andre idrettar, om dei ønskjer det. Dei ulike tilboda må difor koordinerast. Men det må ikkje vere krav at ein må drive med fleire idrettar. Barn må få gjere det dei har lyst til.

Fotball er eit spel

Spelet er sjølve kjernen i fotball. Dessverre ser vi at enkelte trenarar nyttar øvingar som ikkje alltid er motiverande. I barnefotballen bør ein fokusere på ulike typar spel, leikar og grunnleggjande ferdigheitsøvingar, og ”småspel” bør vektleggjast mest. Unngå lange køar ved øvingane – flest mogeleg involveringar per spelar må vere målet. Mor0samt og utviklande!

Lat oss gå saman om gladfotball for dei yngste

Dei vaksne skal styre trening og kamp slik at borna får oppmuntring og rettleiing. Eit viktig mål er at alle utviklar sine ferdigheiter og ser framgang. Men det skal også leggjast vekt på å lære dei å innordne seg i ei gruppe. Dei vaksne må gjere det dei kan for at alle borna trivst. Hugs at du som vaksen er eit førebilete – born har ei eiga evne til å gjere som du gjer, ikkje som du seier.