Åsen & Øvrelid Fotballakademi


Førde IL Fotball arrangerar akademi for gutar og jenter som er 9 til 12 år. Akademiet er mynta på deg som elskar fotball, og ynskjer noko ekstra i kvardagen. Her vil du møta trenarar som ser deg og utfordrar deg. Dei forventar at du er påskrudd og tilstede i økta.


Åsen & Øvrelid FA går i to periodar; haustferien til midten av desember og frå midten av januar til påskeferien.


Aktiviteten vil bli tilbudt ein dag i veka. For ein dag er prisen NOK 1.200,-. Totalt vil spelarane få 10 fotballøkter per periode.


Treningsdag: Onsdag 17:30 - 19:00 


Har du spørsmål, ta kontakt med sportsleg leiar Helge Bjørke (hb@forde-fotball.no) eller spelarutviklar Bjørn Totland (bjorn@forde-fotball.no).