Eviny Miniakademi 6-8 år
Førde IL Fotball arrangerar akademi for gutar og jenter som er 6 til 8 år. På våren er det 7-8 år ettersom 6-åringar ikkje har hatt oppstart.
Akademiet er mynta på deg som elskar fotball, og ynskjer ekstraaktivitet i kvardagen. Her vil du møta trenarar som ser deg og utfordrar deg. Hensikten med ekstraøkta er å stimulere til meir fotballglede.
Akademiet blir arrangert i økt per veke i perioden haustferien til midten av desember og midten av januar til påskeferien.
Det vil koste 800 NOK for 10 vekers trening, og ein melder seg på vår og haust separat.
Treningsdag: Tysdag 17:15 - 18:30.
Det vil kome ut påmeldingsinformasjon i forkant av kvar runde med akademi. Har du spørsmål, ta kontakt med sportsleg leiar Helge Bjørke (hb@forde-fotball.no) eller spelarutviklar Bjørn Totland (bjorn@forde-fotball.no).