Sunnfjordakademiet
Førde IL Fotball tilbyr ekstraaktivitet frå 6 år og oppover. Det eldste tilbodet vår, Sunnfjordakademiet, går ut til spelarar i aldersgruppa 12-14 år. Tilbodet er for gutar og jenter i Sunnfjord-regionen, og har som mål å skape meir fotballglede og utvikling.
På gutesida arrangerer vi ekstratilbodet saman med Florø Sportsklubb.
Sunnfjordakadmiet er ei fotballsatsing for gutar og jenter som vil meir med fotballen. Eit viktig bodskap er at Sunnfjordakademiet er ope for alle som ønskjer å delta. Tilbodet er ikkje avgrensa til spelarar frå bestemte klubbar, og det er ikkje eit krav at ein må vere ein del av eit spesielt satsingsmiljø for å melde seg på.
Her skal spelarar frå ulike klubbar få høve til å møtast, trene saman og utvikle seg gjennom gode fotballøkter.
Sunnfjordakademiet skal vere ein arena der spelarane får nye impulsar, utfordringar og erfaringar som dei kan ta med seg tilbake til sine eigne lag.
Sunnfjordakademiet blir tilbudt i to periodar; frå haustferien til midten av desember og frå midten av januar til påskeferien. I tillegg blir det arrangert kamptilbod og turneringstilbod gjennom året.
Aktiviteten vil bli tilbudt ein dag i veka. For ein dag er prisen NOK 1000,-. Totalt vil spelarane få 8 fotballøkter per periode.
Treningsdag: Onsdag 17:30 - 19:00
Har du spørsmål, ta kontakt med sportsleg leiar Helge Bjørke (hb@forde-fotball.no) eller spelarutviklar Bjørn Totland (bjorn@forde-fotball.no).