Frå mandag av er det høg aktivitet i Hafstadparken
Postet av Helge Bjørke den 17. Jan 2026
Åsen & Øvrelid Fotballakademi er for spelarar fødd 2017-2014, både gutar og jenter. Frå og med mandag 17:30 og fram til påske vil det vera mellom 70 og 90 aktive gutar og jenter til stades, frå både Førde og nærliggande klubbar.
Påmeldinga gjer ein ved å klikke seg inn på linken her: https://app.hoopit.io/join/frde-il-302769/open/asen-vrelid-fotballakademi-9-12-ar-var-2026-999812. Påmeldinga er forsatt åpen og vi håpar fleire deltar. Det kostar 1200,-, og tilbudet er på mandagar 17:30 - 19:00.
Miniakademiet startar tysdag
Dagen etter at Åsen & Øvrelid Fotballakademi startar opp, vil Miniakademiet for spelarar fødd 2018 og 2019 starte. Treninga vil vera i Førdehuset frå 16:30 til 17:30. Denne ekstratreninga er åpen for alle, og vil koste kroner 800,- for 10 økter. Påmeldinga er fortsatt åpen. Ynskjer du å delta, klikker du deg inn på følgande lenke: https://app.hoopit.io/join/frde-il-302769/open/asen-verlid-miniakademi-haust-2025-965744.
Stor aktivitet
Ekstratilbod er eit viktig tiltak vi i Førde gjer for å stimulera til meir fotballaktivitet, i ein periode der det er mindre lagsorganisert aktivitet. Tilbodet har som hensikt å gje inspirasjon og motivasjon til spelarane. Vi er glade for å tilby aktiviteten også til våre naboklubbar for å bidra til auka fotballaktivitet utover vår klubb.
I vinter vil Førde IL Fotball organisera ekstraaktivitet til mange jenter og gutar. Vi har Miniakademiet og Åsen & Øvrelid Fotballakademi som er retta mot barnefotball. I tillegg har vi spelarutviklingsdag for gutar i ungdomsfotballen, og Sunnfjordakademiet til jenter i aldersgruppa 12-15 år i frå Sunnfjordklubbar.
Vi håpar du blir med på eit av våre tilbod. Alle er velkomne.
Vi minner også om at økonomi skal ikkje vera ei begrensning. Derfor har vi gode ordningar. Ta kontakt med sportsleg leiar Helge Bjørke (+47 99 35 35 82/ hb@forde-fotball.no), så finner vi ei smidig løysing for kostnaden på ekstratilbodet.
Siste fra Helge Bjørke
Åsen & Øvrelid Fotballakademi med ny vri
11.09.2025
Vi trenger dommarar!
19.08.2025
Førde cup 2025 Innandørs
18.08.2025
Haustsesongen er godt i gang
18.08.2025
Tine Fotballskule 2025
19.03.2025