Førde IL Fotball tek eit tydelegare standpunkt til idrett og alkohol
Førde IL Fotball ønskjer å vere ein klubb som tek ansvar – både på og utanfor bana. Etter fotballsesongen 2026 har klubben sett eit ekstra fokus på forholdet mellom idrett og alkohol, og ønskjer no å vere tydelegare på kva haldningar og retningslinjer som skal prege aktiviteten i klubben.
Som ein stor klubb med aktivitet for barn, ungdom og vaksne følgjer det eit ansvar. Førde IL Fotball skal vere ein trygg arena der idrettsglede, utvikling, trivsel og samhald står i sentrum. Då er det også viktig å vere bevisst på kva signal vi sender, og kva forventningar vi har til spelarar, trenarar, leiarar og føresette.
Som ein del av dette arbeidet har klubben hatt eit særleg fokus på idrett og alkohol etter sesongslutt, på det årlege foredraget retta mot samfunns- og verdiarbeid. Onsdag 18. november arrangerte Førde IL Fotball eit foredrag med organisasjonen Idrett utan alkohol. Her fekk deltakarane reflektere rundt val, relasjonar og førebilete, og kva rolle vaksne og leiarar har i å skape gode og trygge idrettsmiljø.
– Vi ønskjer å ta eit sterkare og tydelegare standpunkt rundt idrett og alkohol. Som klubb har vi eit ansvar for å vere gode førebilete og skape rammer som gjer at barn og unge opplever idretten som ein trygg og positiv arena, er bodskapen frå klubben.
Tydelege retningslinjer for heile klubben
Førde IL Fotball ønskjer at alkohol og rus ikkje skal vere ein del av klubbens aktivitet og arrangement. Klubben har difor konkretisert retningslinjene som skal gjelde for spelarar, leiarar og føresette.
Retningslinjene inneber mellom anna:
Rusfrie arrangement: Alle arrangement i regi av klubben skal vere rusfrie.
Årsfest for seniorlaga: Sjølve prisutdelinga skal vere rusfri. Spelarar og leiarar over 18 år kan nytte alkohol i samband med middagen.
Spelarar under 18 år: Ingen spelarar under 18 år skal nytte alkohol.
Alkohol før kamp: I sesong skal spelarar over 18 år ikkje nytte alkohol dei siste 48 timane før kamp.
Overnatting: Ingen leiarar eller føresette skal nytte alkohol på overnattingsstaden når klubben eller laga har organisert felles overnatting for spelarane.
Retningslinjene skal bidra til trygge rammer og ei felles forståing av kva som er forventa av alle som representerer Førde IL Fotball.
Vaksne som førebilete
Klubben meiner at arbeidet med alkoholhaldningar handlar om meir enn sjølve alkoholen. Det handlar også om kultur, relasjonar og kva verdiar vi ønskjer skal prege miljøa våre.
Vaksne rundt laga har ei viktig rolle som førebilete. Trenarar, lagleiarar og føresette er med på å forme haldningane til barn og ungdom, både gjennom det dei seier og det dei gjer.
Førde IL Fotball ønskjer å vere ein klubb der det er tydeleg at idrett og alkohol ikkje høyrer saman i aktivitetar der barn og unge deltek. Det skal vere enkelt å vite kva som gjeld, og alle skal kunne kjenne seg trygge på at klubben tek dette ansvaret på alvor.
Arbeidet med idrett og alkohol er ein del av det langsiktige kulturarbeidet i Førde IL Fotball. Målet er å byggje ein klubb der verdiane glede, utvikling, trivsel og samhald blir synlege i praksis – og der alle som er ein del av klubben, bidreg til å skape eit godt miljø.
Førde IL Fotball skal vere ein trygg arena for alle. Det krev tydelege haldningar, gode førebilete og eit felles ansvar.